Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4-5. Godkjenning av ny andelseigar

Burettslagslova·Kapittel 4. Andelseigarar, overgang av andelar m.m.

Godkjenning av ny andelseigar

(1) Er det fastsett at ny andelseigar skal godkjennast av laget, kan godkjenning ikkje nektast utan sakleg grunn. Er ikkje melding om nekting av godkjenning komen fram til ervervaren seinast tjue dagar etter at søknad om godkjenning kom fram til laget, skal godkjenning reknast for å vere gitt. (2) Er det fastsett at ein ny andelseigar skal godkjennast av laget, har ervervaren ikkje rett til å bruke bustaden før godkjenning er gitt, eller det er rettskraftig avgjort at ervervaren har rett til å erverve andelen. Er det reist søksmål om godkjenningsnektinga eller reist innvendingar mot eit salspålegg etter § 4-8, kan tingretten i orskurd fastsetje at ervervaren mot trygdgiving kan bruke bustaden til spørsmålet om godkjenning er rettskraftig avgjort. Forliksrådet kan ikkje ta avgjerd om slik bruksrett. (3) Er det fastsett at ein ny andelseigar skal godkjennast av laget, er den førre andelseigaren solidarisk ansvarleg med ein eller fleire nye ervervarar for betaling av felleskostnader til godkjenning av ein ny andelseigar er gitt, eller det er rettskraftig avgjort at ein ny andelseigar har rett til å erverve andelen.

Borettslaget kan ikke nekte en ny eier uten saklig grunn. Hvis laget ikke svarer innen tjue dager, regnes det som godkjent. Den nye eieren kan ikke flytte inn før godkjenningen foreligger eller er rettslig avgjort.AI

Se ogsåBurettslagslova § 4-8referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 4-5 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →