Lov
Nynorsk
§ 6-6. Unntak frå prioritetsreglane o.a
Unntak frå prioritetsreglane o.a
(1) Eit eldre rettserverv går utan omsyn til reglane i § 6-5 framom eit yngre dersom
1) det yngre ervervet byggjer på avtale eller anna grunnlag som for ervervaren står i liknande stilling, og ervervaren kjende eller burde kjenne det eldre ervervet på registreringsdagen, eller
2) det yngre ervervet er skjedd ved arv.
(2) For lovfastsette rettar har ikkje registrering noko å seie om ikkje anna er fastsett i lov.
(3) For rettar som følgjer av lagsforholdet, og som går fram av vedtektsføresegn som er registrert i Føretaksregisteret, har ikkje registrering i grunnboka noko å seie. Den regelen gjeld ikkje for andre panterettar enn panteretten etter burettslagslova § 5-20 første ledd.
(4) Ved avhending eller annan overgang av eigedomsrett skal rett som blir utleidd frå den tidlegare eigaren, og som blir registrert seinast same dag som overgangen av eigedomsretten, gå framom rett som er utleidd frå den nye eigaren. Om prioritet for panterett som sikrar lån for erverv ved tvangssal, gjeld tvangsfullbyrdelsesloven § 11-33 andre ledd andre punktum og § 11-51 fjerde ledd tredje punktum.
Reglene bestemmer hvem som har prioritet når flere har rettigheter til en bolig i et borettslag. Som hovedregel går den eldste rettigheten foran den nyeste, men det finnes unntak for arv, lovbestemte rettigheter og vedtektsbestemmelser.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 17 juni 2005 nr. 94 (ikr. 15 aug 2005 iflg. res. 1 juli 2005 nr. 753), 21 des 2005 nr. 130.
Se ogsåBurettslagslova § 6-5Burettslagslova § 5-20Tvangsfullbyrdelsesloven § 11-33Tvangsfullbyrdelsesloven § 11-51referert av 1 →
Sammenheng
Se også4
Koblinger for § 6-6 i burettslagslova.