Fordeling av felleskostnader
(1) Felleskostnadene i laget skal delast mellom andelseigarane ut frå tilhøvet mellom verdiane på bustadene eller ut frå andre retningslinjer som går fram av byggje- og finansieringsplanen. Fordelinga skal justerast dersom endringar av bustadene eller eigedommen elles fører til vesentleg endring av verditilhøva. Når særlege grunnar talar for det, skal visse kostnader delast etter nytten for den einskilde bustaden eller etter forbruk.
(2) Med tilslutning frå dei andelseigarane det gjeld, kan det fastsetjast ei anna fordeling enn nemnd i første ledd.
(3) Styret skal fastsetje kor mykje kvar andelseigar skal betale kvar månad til dekning av felleskostnader.
Felleskostnader i borettslaget fordeles vanligvis basert på boligenes verdi eller andre retningslinjer i finansieringsplanen. Noen kostnader kan fordeles etter forbruk eller nytte, og styret bestemmer det månedlige beløpet hver eier skal betale.AI
Sammenheng
Referert av3
Nevnt i2
Koblinger for § 5-19 i burettslagslova.