Lov
Nynorsk
§ 2-6. Byggje- og finansieringsplan
Burettslagslova·Kapittel 2. Stifting av burettslag. Innskot. Avtalar med utbyggjar o.a.·Sist endret 1. januar 2011
Byggje- og finansieringsplan
(1) Ein byggje- og finansieringsplan skal leggjast ved stiftingsdokumentet.
(2) Planen skal innehalde teikningar og skildring av lagets bygg med bustadene, kostnadsoverslag, finansieringsplan og driftsbudsjett. Departementet kan i forskrift gi føresegner om kva kostnader som skal vere med i driftsbudsjettet, og andre føresegner som heng saman med eit driftsbudsjett.
(3) Planen skal vise kva bustad som er knytt til kvar andel, og fordelinga av felleskostnadene.
(4) Planen skal vise kor mykje kvar andelseigar skal nedbetale av fellesgjelda gjennom felleskostnadene og kor mykje kvar andelseigar skal finansiere sjølve.
(5) Planen kan endrast av styret, eventuelt med samtykke frå generalforsamlinga etter § 8-9. Ved endring av planen må fellesgjelda vere i samsvar med §§ 2-14 og 2-15. Endring av innskotet kan berre skje etter § 2-10, og endring av fordelinga av felleskostnadene kan berre skje etter § 5-19.
Et borettslag må ha en bygge- og finansieringsplan i stiftelsesdokumentet. Planen skal beskrive byggene, kostnader, budsjett og hvordan fellesgjeld og felleskostnader skal fordeles mellom boenhetene.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 3 sep 2010 nr. 54 (ikr. 1 jan 2011 iflg. res. 3 sep 2010 nr. 1238).
Se ogsåBurettslagslova § 8-9Burettslagslova § 2-14Burettslagslova § 2-15Burettslagslova § 2-10omtalt i 2 kilder →referert av 3 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Se også5
Referert av3
Nevnt i2
Koblinger for § 2-6 i burettslagslova.