Lov
Nynorsk
§ 4-15. Frist for å gjere forkjøpsretten gjeldande
Frist for å gjere forkjøpsretten gjeldande
(1) Fristen for å gjere forkjøpsretten gjeldande er tjue dagar frå laget fekk skriftleg melding om at andelen har skifta eigar, med opplysning om pris og andre vilkår. Fristen er fem kvardagar dersom laget har fått skriftleg førehandsvarsel om at andelen kan skifte eigar, og varselet er kome fram til laget minst femten dagar, men ikkje meir enn tre månader, før meldinga om at andelen har skifta eigar.
(2) Med kvardagar er meint alle dagar utanom sundagar og andre helgedagar, laurdagar og 1. og 17. mai.
(3) Føresegnene i paragrafen her kan ikkje fråvikast.
Bestemmelsen fastsetter tidsfrister for når et borettslag må melde fra hvis de vil bruke forkjøpsretten. Fristen varierer avhengig av om laget har fått et forhåndsvarsel om salget eller ikke.AI
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 4-15 i burettslagslova.