Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 4-21. Forholdet mellom laget og forkjøpsrettshavarane

Burettslagslova·Kapittel 4. Andelseigarar, overgang av andelar m.m.

Forholdet mellom laget og forkjøpsrettshavarane

(1) Når laget har fått melding eller førehandsvarsel om eigarskifte, jf. § 4-15, skal laget oppmode alle som ønskjer å kunne nytte forkjøpsretten, om å melde seg til laget innan ein fastsett frist. Oppmodinga skal kunngjerast i minst ei avis som er vanleg lesen på staden, eller på annan måte som går fram av vedtektene. Fristen for å melde seg skal vere minst fem kvardagar (jf. § 4-15 andre ledd) frå kunngjeringa. Den som ikkje melder seg innan fristen, kan ikkje nytte forkjøpsrett ved dette eigarskiftet. (2) Brot på reglane i første ledd endrar ikkje fristane i § 4-15. (3) Laget kan setje som vilkår for å gjere forkjøpsretten gjeldande at forkjøpsrettshavaren har betalt inn løysingssummen til laget eller stilt sjølvskuldgaranti frå ein finansinstitusjon som har rett til å tilby slik teneste i Noreg. (4) Føresegnene i første og andre ledd kan ikkje fråvikast.

Når en bolig i et borettslag skal selges, må laget varsle alle med forkjøpsrett slik at de kan melde sin interesse innen en bestemt frist. Laget kan kreve at kjøperen betaler summen eller stiller garanti fra en bank for at retten skal gjelde.AI

Se ogsåBurettslagslova § 4-15referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 4-21 i burettslagslova.

Les hele loven i sammenheng →