Lov
Nynorsk
§ 13.
Første året det vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune, må skatten ikkje vera større enn kr 1 av kvart kr 1 000 av takstverdet. Seinare kan skatten ikkje i noko år aukast med meir enn kr 1 for kvart kr 1 000. Skatten kan likevel aukast med kr 3 for kvart kr 1 000 for huslause grunneigedomar. Skatten kan aukast med kr 2 for kvart kr 1 000 for eigedomar som nemnde i § 12 bokstav a same år som kommunen innfører botnfrådrag i eigedomsskatten. Skattøyret kan ikkje aukast same år som botnfrådrag fell bort. Derimot kan eigedomsskatten setjast ned til dei nemnde minstegrensene frå eit år til det neste utan omsyn til kor høg skattesatsen er frå før.
Ved første gongs utskriving på bustader og fritidsbustader som følgje av overgang til nytt utskrivingsalternativ skal skatten for slik eigedom vere kr 1 for kvart kr 1 000 av takstverdet. Reglane i første leden andre punktum flg. gjeld tilsvarande.
Ved samanslåing av kommunar gjeld særskilde reglar for auke av skattesatsane mv. i ein overgangsperiode på inntil 3 år. Overgangsperioden skal nyttast til å samordne eigedomsskatten. For eigedom som nemnd i § 3 d og § 4 andre og tredje ledd, kan skatten ikkje vera større enn kr 2 av kvart kr 1 000 av takstverdet det første året det vert utskrive eigedomsskatt, og ikkje aukast med meir enn kr 2 for kvart kr 1 000 av takstverdet per år. For bustad og fritidsbustad gjeld reglane i første leden. Auken i skattesatsane må byrje frå første året av, og fordelast likt over heile overgangsperioden. Skattesatsane i den nye kommunen må vere samordna før kommunen kan auke satsen etter dei vanlege reglane i lova. Utskrivingsalternativ og eventuelt botnfrådrag må vere likt i heile kommunen frå det første året i overgangsperioden. Kommunen kan gjennomføre fullstendig taksering av alle eigedomar i den nye kommunen. Alternativt kan kommunen velje å avgrense takseringa til ikkje tidlegare verdsette eigedomar. Kommunen kan også nytte overgangsperioden til å samordne takstane i kommunen. Overgangsperioden kan byrje det første året etter samanslåinga, og seinast det andre året. Kommunar som vel å utsette samordninga til det andre året, må vidareføre eigedomsskatten slik han var føre samanslåinga med unntak for lovbestemte endringar og reduksjonar i skattesatsane. Fristen for utskriving av eigedomsskatt ved kommunesamanslåing er utløpet av juni det året kommunen byrjar overgangsperioden. Første året etter utløpet av overgangsperioden skal eigedomsskatten vere lik i heile kommunen.
Får ein kommune nye grenser, skal reglane i første leden ikkje vera til hinder for at det på eigedomar i område som kjem med i kommunen, vert skrive ut eigedomsskatt etter same satsar som før utvidinga.
Noter (1)
- EndringEndra med lover 5 feb 1993 nr. 28, 16 juni 2006 nr. 25 (f o m skatteåret 2007), 17 juni 2016 nr. 35 (ikr. 1 jan 2017), 19 des 2017 nr. 118 (ikr. 1 jan 2019 med verknad frå skatteåret 2019), 20 des 2019 nr. 88 (ikr. 1 jan 2020 med verknad frå skatteåret 2020).
Se ogsåEigedomsskattelova § 12Eigedomsskattelova § 3Eigedomsskattelova § 4referert av 1 →
Sammenheng
Referert av1
Koblinger for § 13 i eigedomsskattelova.