Lov
Nynorsk
§ 4.
Eigedomsskatt vert skriven ut på dei faste eigedomane ut frå tilhøva den 1. januar i skatteåret.
Til faste eigedomar vert rekna bygningar og tomt som høyrer til, huslause grunnstykke som hagar, lykkjer, vassfall, laste-, opplags- eller arbeidstomter, bryggjer og liknande og likeeins næringseigedom. Til næringseigedom vert m.a. rekna fabrikkar, sagbruk, industrielle verk, steinbrot, losse- og lasteplassar og liknande arbeids- og driftsstader samt kontorlokale, butikk, hotell og serveringsstad mv. Produksjonsutstyr og -installasjonar skal ikkje reknast med i eigedomsskattegrunnlaget for næringseigedom. Til næringseigedom vert ikkje rekna kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum. For vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum skal arbeidsmaskinar og tilhøyrsle og ting som kan setjast i klasse med slikt ikkje reknast med utan tingen er ein part av sjølve føretaket. For kraftnett inngår grunnen under linjene i anlegget.
Flytande anlegg i sjø for oppdrett av fisk, skjell, skalldyr og andre marine artar vert jamnstelt med næringseigedom og anlegg nemnde i andre leden fjerde punktum, når anlegget har vore stasjonert i kommunen i over 6 månader i året før skatteåret. Eigedomsskatt vert då skriven ut sjølv om anlegget ikkje var stasjonert i kommunen 1. januar i skatteåret. Verdsetjinga av anlegget skjer jamvel etter tilhøva denne datoen. Til slikt anlegg vert rekna dei fysiske installasjonane som merder, flytemodul, fôringsmaskin, fôringslager, opphaldsrom og sanitæranlegg og liknande, samt anker, lodd og liknande til forankring.
Eigedomsskatt vert skriven ut på faste eigedomar basert på tilhøva 1. januar i skatteåret. Dette gjeld både bygningar, tomter og næringseigedom, men visse anlegg som kraftverk er unnateke. Flytande oppdrettsanlegg kan i visse tilfelle jamstillast med næringseigedom.AI
Endret 20. desember 2022 · i kraft 20. desember 2022
Endringshistorikk (8)
- 20. desember 2022Endringslov til eigedomsskattelova
- 20. desember 2019Endringslov til eigedomsskattelova
- 22. juni 2018Endringslov til endringslov til eigedomsskattelova
- 19. desember 2017Endringslov til eigedomsskattelova
- 10. desember 2010Endringslov til eigedomsskattelova
- 12. desember 2008Endringslov til eigedomsskattelova
- 14. desember 2007Endringslov til eigedomsskattelova
- 16. juni 2006Endringslov til eigedomsskattelova
Noter (1)
- EndringEndra med lover 16 juni 2006 nr. 25 (f o m skatteåret 2007), 12 des 2008 nr. 90 (f o m skatteåret 2009), 10 des 2010 nr. 61 (f o m skatteåret 2011), 19 des 2017 nr. 118 (ikr. 1 jan 2019 med verknad frå skatteåret 2019, sjå overgangsregel i lova del I som endra ved lov 22 juni 2018 nr. 75), 20 des 2019 nr. 88, 20 des 2022 nr. 102 (i kraft 1 jan 2023 med verknad frå skatteåret 2023, sjå overgangsregel i endringslova del II).
Sammenheng
Referert av2
Nevnt i8
- Lovvedtak 83 (2022–2023)Vedtak til lov om endringer i skatteloven
- Innst. 372 L (2022–2023)Innstilling til Stortinget fra finanskomiteen
- Lovvedtak 28 (2022–2023)Vedtak til lov om endringer i eigedomsskattelova
- Innst. 4 L (2022–2023)Innstilling til Stortinget fra finanskomiteen
- Innst. 4 L (2020–2021)Innstilling til Stortinget fra finanskomiteen
- Lovvedtak 26 (2019–2020)Vedtak til lov om endringer i eigedomsskattelova
- Innst. 398 S (2017–2018)Innstilling til Stortinget fra finanskomiteen
- Lovvedtak 15 (2017–2018)Vedtak til lov om endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)
Endringshistorikk8
Koblinger for § 4 i eigedomsskattelova.