Ikkje oppfylte økonomiske kontrakter med dei rettssubjekt som er nemnde i § 1 bokstav a, c og d, fell bort ved krigsutbrotet utan Direktoratet for fiendegods fastset at dei skal gjelda framleis.
Når slike kontrakter som er nemnde i første leden heilt eller i nokon mon er oppfylde av fienden, kan direktoratet krevja å gå inn i dei. Nyttar det ikkje denne retten, kan det gjera gjeldande alle rettar som bortsett frå krigstilstanden hadde tilkome fienden då kontrakten fall bort.
Ifall fienden ikkje har oppfylt kontrakten heilt ut, er det ikkje høve til å gå inn i kontrakten utan at dei attstående skuldnadene blir oppfylt med dei avvik som kan fylgja av lov eller onnor bindande føresegn. Oppfylling kan i dette tilfelle ikkje krevjast utan at kravet blir framsett innan rimeleg tid etter at det vart høve til det.
Økonomiske kontraktar med visse fiendar fell som hovudregel bort når krigen bryt ut. Direktoratet for fiendegods kan likevel avgjere at kontraktane skal gjelde vidare, eller velje å gå inn i kontraktar som allereie er delvis oppfylte.AI
Se ogsåFiendegodsloven § 1
Sammenheng
Se også1
Koblinger for § 8 i fiendegodsloven.