Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 9.

Med dei unnatak som går fram av denne paragrafen eller føresegner som er gjevne med heimel i paragrafen, skal føresegnene i denne lova gjelda tilsvarande så langt dei høver for gods som nemnt i § 2 bokstav a-h når det høyrer til fysisk person som bur eller har fast tilhald på eit område som er hersett av fienden, eller juridisk person som har setet sitt på slikt område. Gods som nemnt i førre leden kan ikkje seljast utan det er kjøpt eller tilverka for å seljast eller det er fare for verdmink eller det vil føra med seg etter måten altfor store utgifter å halda det ved like. Kontraktar mellom personar som nemnt i første leden skal gjelda framleis dersom dei ikkje fell bort etter dei rettsreglar som elles gjeld. Når det gjeld gods som nemnt i første leden kan Kongen eller den han gjev fullmakt, også elles gjeva føresegner som avvik frå denne lova.

Loven gjelder for eiendeler som tilhører personer eller selskaper i områder kontrollert av fienden. Slike eiendeler kan som hovedregel ikke selges, med mindre det er snakk om varer for salg, fare for verditap eller høye vedlikeholdskostnader.AI

Se ogsåFiendegodsloven § 2

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 9 i fiendegodsloven.

Les hele loven i sammenheng →