Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Justis- og beredskapsdepartementet

Lov om fiendegods

Fiendegodsloven

lov/1950-12-15-4·12 paragrafer·Sist endret 1. oktober 2015·Utforsk grafen
Sist endret ved lov/2015-06-19-65 fra 2015-10-01
Innhold12 paragrafer
Med fiende er i denne lova meint: a) Stat som Noreg er i krig med (fiendestat). b) Borgar av fiendestat kvar han så bur eller held til. c) Fysisk person som bur eller har fast tilhald på fiendeområde. d) Juridisk person (selskap, lag, korporasjon eller stifting) privat eller offentleg, som har setet sitt på fiendeområde eller slik juridisk person som fienden har kontrollen over. Med fiendeområde er i denne lova meint område som fiendestat har høgste retten (suvereniteten) over. Det same gjeld område som Kongen eller den han gjev fullmakt har fastsett skal reknast for fiendeområde. Kongen eller den han gjev fullmakt kan fastsetja at andre rettssubjekt og enn dei som er nemnde i første leden skal reknast for fiende etter denne lova. På same måten kan det fastsetjast at rettssubjekt som kjem inn under føresegnene i første leden, ikkje skal reknast for fiende.

Bestemmelsen definerer hvem og hva som regnes som fiende og fiendeområde i lovens forstand. Dette inkluderer stater, personer og selskaper med tilknytning til fienden, samt områder fienden har kontroll over.AI

referert av 1

Fiendegods etter denne lova er etternemnde eigedomsverde når dei høyrer ein fiende til: a) Fast eigedom, skip, lausøyre og varer som er her i riket endå om retten til slik eigedom er knytt til dokument som er utafor riket. b) Betalingsverde, verdepapir og dokument av alle slag som heimlar eller tener til prov for rettar og som er her i riket. c) Aksjar og andre partar eller kapitalinteresser i norske føretak. d) Krav på skuldmenn, som har heime her i riket, endå om kravet er knytt til omsetningsskuldbrev som er utafor riket. e) Patent-, design- og varemerkerettar, rett til forretningskjenneteikn, rett til fotografi og rett til åndsverk, alt så langt dei har rettsvern i Noreg. Likeeins rettar som knyter seg til søknader om patent-, design- eller varemerkevern i Noreg. f) Rettar etter trygdeavtale med norsk trygdelag eller med representant (hovudagent) i Noreg for utalandsk trygdelag. g) Alle andre økonomiske verde som er her i riket. h) Tinglege rettar og kontraktsrettar vedkomande eigedomsverde som nemnt under a-g. Lova gjeld ikkje for krigsmateriell og anna som er serleg tilskipa for militære føremål eller herfang som er tatt av norske eller allierte militærstyrkar, utan det blir fastsett av Kongen eller den han gjev fullmakt.

Loven definerer hva som regnes som fiendegods. Dette inkluderer eiendom, penger, aksjer og ulike rettigheter som tilhører en fiende og befinner seg i Norge. Krigsmateriell og herfang er som hovedregel unntatt.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 14 mars 2003 nr. 15 (ikr. 1 mai 2003 iflg. res. 4 apr 2003 nr. 417).

referert av 2

Fiendegodset blir styrt av Direktoratet for fiendegods under leiing av ein direktør. Kongen eller den han gjev fullmakt kan nemne opp eit råd og elles gjeva nærare organisasjons- og arbeidsføresegner for direktoratet. Utgiftene med verksemda blir tekne av dei verde som direktoratet styrer med.

Direktoratet for fiendegods styrer fiendegods under ledelse av en direktør. Kongen eller en fullmektig kan utnevne et råd og bestemme hvordan direktoratet skal organiseres og arbeide. Utgiftene til driften dekkes av verdiene som direktoratet forvalter.AI

Noter (1)
  • Note 1Inkurie: Direktoratet for fiendegods er lagt ned.
Alle som skuldar pengar eller andre ytingar til fienden eller som eig, sit inne med, forvarar, råder over eller har tilsyn med fiendegods, pliktar å melda dette til Direktoratet for fiendegods på den måten og innan den frist som direktoratet fastset. Det same gjeld alle som styrer eller er med i styringa av norske selskap eller andre føretak som fienden har part i. Direktoratet kan med ålmenne reglar eller serleg føresegn gjera unnatak frå meldeplikta. Direktoratet kan gjera etterrøkjingar til å få oversyn over fiendegods. Med tilføre av dette kan det krevja opplysning av offentlege og kommunale styre-makter, einskildmenn og institusjonar. Det kan og krevja å få granska registrerte rekneskapsopplysninger, rekneskapsmateriale, forretnings-, styre- og møtebøker og andre dokument og bøker. Er det turvande kan det krevja å få sjå over verde eller stader der det finst verde. Politiet skal hjelpa til med slike etterrøkjingar, når direktoratet krev det. Direktoratet kan gjeva tingretten pålegg om å registrera og om det trengst forsegla fiendegods i vedkomande domssokn. Den lovsette teiingsskyldnaden for offentlege tenestemenn, bankar, sakførarar, meklarar og andre fritek ikkje frå plikt til å gjeva melding eller opplysningar etter denne lova eller føresegner som er gjevne med heimel i den. Alle som i tenesta får opplysningar etter denne paragrafen, skal så langt det ikkje strider mot tenesteplikta, teia heilt med det som dei har fått vita. Dei må ikkje i si næringsverksemd gjera bruk av løynhaldne driftsgreier eller framgangsmåtar, som dei på denne måten har fått kjennskap til.

Personer som skylder penger til fienden, eller som har kontroll over fiendegods, må melde dette til Direktoratet for fiendegods. Direktoratet kan kreve informasjon, granske dokumenter og få politiets hjelp til å finne fiendegods. Opplysninger som gis til direktoratet skal behandles konfidensielt.AI

Noter (1)
  • EndringEndret ved lover 17 juli 1998 nr. 56 (ikr. 1 jan 1999), 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003 iflg. res. 30 aug 2002 nr. 938).

referert av 1

Det er forbode å betale skuld til fienden eller å avhenda, leggja hefte på, bruka opp eller annleis råda over fiendegods på slik måte, at det kjem bort eller minkar serleg i verde. Direktoratet for fiendegods kan med ålmenne reglar eller serleg løyve gjera unnatak frå dette forbodet. Rettshandel i strid med forbodet i førre leden er utan rettsverknad. God tru gjev ingen heimel for å vinna eigedomsrett eller annan rett til fiendegods. Unnatak gjeld likevel for pengar og for aksjar og skuldbrev som er utferda til ihendehavaren. Utlegg og anna tvangsfullføring i fiendegods kan ikkje fremjast utan samtykke frå Direktoratet for fiendegods. Det same gjeld inndraging i konkursbu.

Det er forbudt å betale gjeld til fienden eller disponere fiendegods slik at verdien minker. Direktoratet for fiendegods kan gi unntak. Handlinger i strid med forbudet er ugyldige, med unntak for penger, aksjer og enkelte gjeldsbrev.AI

Direktoratet for fiendegods kan gjera gjeldande alle dei rettane fienden har til gods som nemnt i § 2 og er i så måte legitimert til å handla på vegner av fienden. Dette gjeld endå om rettane er knytte til dokument som ein ikkje har til stades. Er retten tinglyst eller innført i offentleg register, bør det gjerast merknad om det i registeret.

Direktoratet for fiendegods kan opptre på vegne av fienden og gjøre gjeldende deres rettigheter til eiendeler. Dette gjelder selv om man mangler dokumentasjon, og det bør føres merknad i offentlige registre.AI

Se ogsåFiendegodsloven § 2

Direktoratet for fiendegods kan ta dei rådgjerder som det held turvande til å tryggja, halda ved like eller utnytta fiendegods som det har til styring, eller som den ophavelege eigaren, innehavaren eller annan styrer sjølv med samtykke og under kontroll av direktoratet. Dersom det er tenleg kan godset seljast og vederlaget takast under styring på vanleg måte. Næringsverksemd som høyrer fienden til, kan takast under styring av ein styrar som direktoratet nemner opp. Styraren skal etter nærare tilvisingar og under kontroll av direktoratet ta dei rådgjerder som føremålet krev.

Direktoratet for fiendegods kan ta beslutninger for å sikre, vedlikeholde eller utnytte fiendegods. Godset kan selges dersom det er hensiktsmessig, og næringsvirksomhet kan styres av en utnevnt styrer under direktoratets kontroll.AI

Ikkje oppfylte økonomiske kontrakter med dei rettssubjekt som er nemnde i § 1 bokstav a, c og d, fell bort ved krigsutbrotet utan Direktoratet for fiendegods fastset at dei skal gjelda framleis. Når slike kontrakter som er nemnde i første leden heilt eller i nokon mon er oppfylde av fienden, kan direktoratet krevja å gå inn i dei. Nyttar det ikkje denne retten, kan det gjera gjeldande alle rettar som bortsett frå krigstilstanden hadde tilkome fienden då kontrakten fall bort. Ifall fienden ikkje har oppfylt kontrakten heilt ut, er det ikkje høve til å gå inn i kontrakten utan at dei attstående skuldnadene blir oppfylt med dei avvik som kan fylgja av lov eller onnor bindande føresegn. Oppfylling kan i dette tilfelle ikkje krevjast utan at kravet blir framsett innan rimeleg tid etter at det vart høve til det.

Økonomiske kontraktar med visse fiendar fell som hovudregel bort når krigen bryt ut. Direktoratet for fiendegods kan likevel avgjere at kontraktane skal gjelde vidare, eller velje å gå inn i kontraktar som allereie er delvis oppfylte.AI

Se ogsåFiendegodsloven § 1

Med dei unnatak som går fram av denne paragrafen eller føresegner som er gjevne med heimel i paragrafen, skal føresegnene i denne lova gjelda tilsvarande så langt dei høver for gods som nemnt i § 2 bokstav a-h når det høyrer til fysisk person som bur eller har fast tilhald på eit område som er hersett av fienden, eller juridisk person som har setet sitt på slikt område. Gods som nemnt i førre leden kan ikkje seljast utan det er kjøpt eller tilverka for å seljast eller det er fare for verdmink eller det vil føra med seg etter måten altfor store utgifter å halda det ved like. Kontraktar mellom personar som nemnt i første leden skal gjelda framleis dersom dei ikkje fell bort etter dei rettsreglar som elles gjeld. Når det gjeld gods som nemnt i første leden kan Kongen eller den han gjev fullmakt, også elles gjeva føresegner som avvik frå denne lova.

Loven gjelder for eiendeler som tilhører personer eller selskaper i områder kontrollert av fienden. Slike eiendeler kan som hovedregel ikke selges, med mindre det er snakk om varer for salg, fare for verditap eller høye vedlikeholdskostnader.AI

Se ogsåFiendegodsloven § 2

Kongen eller den han gjev fullmakt kan gjeva nærare føresegner til gjennomføring av denne lova.

Kongen eller en person Kongen gir fullmakt til, kan lage utfyllende regler for hvordan denne loven skal gjennomføres.AI

Bryt nokon denne lova eller føresegner gjeve med heimel i lova, blir han straffa med bot eller med fengsel opp til eitt år eller med båe desse straffene. Er brotet gjort av aktløyse, er straffa bot. Det blir ikkje påtala utan etter krav frå Direktoratet for fiendegods. Dette gjeld likevel ikkje brot mot føresegnene i § 4, siste leden. Føresegnene gjeld og handlingar som norsk statsborgar eller nokon som har heime i Noreg, har gjort i utlandet.

Det er straffbart å bryte denne lova eller føresegner gjeve med heimel i lova. Straffa kan vere bot eller fengsel. Lova gjeld også for handlingar gjort i utlandet av norske statsborgarar eller personar med heim i Noreg.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 26 jan 1973 nr. 2, 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).

Se ogsåFiendegodsloven § 4omtalt i 1 kilde

Kongen fastset kva dag denne lova skal ta til å gjelda. Kongen eller den han gjev fullmakt, fastset i kor stor mon lova skal gjelda på Svalbard. Lov om fiendegods o.a. frå 22. mars 1946 skal framleis gjelda for gods som kjem inn under lova.

Kongen bestemmer når loven begynner å gjelde, og i hvilken grad den skal gjelde på Svalbard. En tidligere lov fra 1946 gjelder fortsatt for eiendeler som faller under denne loven.AI

Noter (1)
  • Note 1Inkurie: Lova er «nr. 4».

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva regnes som en fiendestat?

Bestemmelsen definerer hvem og hva som regnes som fiende og fiendeområde i lovens forstand. Dette inkluderer stater, personer og selskaper med tilknytning til fienden, samt områder fienden har kontroll over.

Åpne § 1
Gjelder loven for aksjer i norske selskaper?

Loven definerer hva som regnes som fiendegods. Dette inkluderer eiendom, penger, aksjer og ulike rettigheter som tilhører en fiende og befinner seg i Norge. Krigsmateriell og herfang er som hovedregel unntatt.

Åpne § 2
Hvem styrer fiendegodset?

Direktoratet for fiendegods styrer fiendegods under ledelse av en direktør. Kongen eller en fullmektig kan utnevne et råd og bestemme hvordan direktoratet skal organiseres og arbeide. Utgiftene til driften dekkes av verdiene som direktoratet forvalter.

Åpne § 3
Hva må jeg gjøre hvis jeg eier eller har tilsyn med fiendegods?

Personer som skylder penger til fienden, eller som har kontroll over fiendegods, må melde dette til Direktoratet for fiendegods. Direktoratet kan kreve informasjon, granske dokumenter og få politiets hjelp til å finne fiendegods. Opplysninger som gis til direktoratet skal behandles konfidensielt.

Åpne § 4
Er det lov å betale gjeld til fienden?

Det er forbudt å betale gjeld til fienden eller disponere fiendegods slik at verdien minker. Direktoratet for fiendegods kan gi unntak. Handlinger i strid med forbudet er ugyldige, med unntak for penger, aksjer og enkelte gjeldsbrev.

Åpne § 5
Hvem kan handle på vegne av fienden når det gjelder eiendeler?

Direktoratet for fiendegods kan opptre på vegne av fienden og gjøre gjeldende deres rettigheter til eiendeler. Dette gjelder selv om man mangler dokumentasjon, og det bør føres merknad i offentlige registre.

Åpne § 6
Kan direktoratet selge fiendegods?

Direktoratet for fiendegods kan ta beslutninger for å sikre, vedlikeholde eller utnytte fiendegods. Godset kan selges dersom det er hensiktsmessig, og næringsvirksomhet kan styres av en utnevnt styrer under direktoratets kontroll.

Åpne § 7
Kva skjer med økonomiske kontraktar med fienden når krigen bryt ut?

Økonomiske kontraktar med visse fiendar fell som hovudregel bort når krigen bryt ut. Direktoratet for fiendegods kan likevel avgjere at kontraktane skal gjelde vidare, eller velje å gå inn i kontraktar som allereie er delvis oppfylte.

Åpne § 8

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.