Fiendegods etter denne lova er etternemnde eigedomsverde når dei høyrer ein fiende til:
a) Fast eigedom, skip, lausøyre og varer som er her i riket endå om retten til slik eigedom er knytt til dokument som er utafor riket.
b) Betalingsverde, verdepapir og dokument av alle slag som heimlar eller tener til prov for rettar og som er her i riket.
c) Aksjar og andre partar eller kapitalinteresser i norske føretak.
d) Krav på skuldmenn, som har heime her i riket, endå om kravet er knytt til omsetningsskuldbrev som er utafor riket.
e) Patent-, design- og varemerkerettar, rett til forretningskjenneteikn, rett til fotografi og rett til åndsverk, alt så langt dei har rettsvern i Noreg. Likeeins rettar som knyter seg til søknader om patent-, design- eller varemerkevern i Noreg.
f) Rettar etter trygdeavtale med norsk trygdelag eller med representant (hovudagent) i Noreg for utalandsk trygdelag.
g) Alle andre økonomiske verde som er her i riket.
h) Tinglege rettar og kontraktsrettar vedkomande eigedomsverde som nemnt under a-g.
Lova gjeld ikkje for krigsmateriell og anna som er serleg tilskipa for militære føremål eller herfang som er tatt av norske eller allierte militærstyrkar, utan det blir fastsett av Kongen eller den han gjev fullmakt.
Loven definerer hva som regnes som fiendegods. Dette inkluderer eiendom, penger, aksjer og ulike rettigheter som tilhører en fiende og befinner seg i Norge. Krigsmateriell og herfang er som hovedregel unntatt.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 14 mars 2003 nr. 15 (ikr. 1 mai 2003 iflg. res. 4 apr 2003 nr. 417).
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 2 i fiendegodsloven.