Jordbrukar med beiterett i statsallmenning som godtgjer at det trengst seter til drift av garden hans, kan få utvist slik seter, anten åleine eller saman med andre beiterettshavarar.
Fjellstyret gjer vedtak om utvising som nemnt i første stykket. Det er eit vilkår at utvising kan skje utan vesentleg skade for anna bruksutnytting i allmenningen eller for skogen, og at det heller ikkje vil vere til hinder for ei føremålstenleg inndeling og utnytting av beitet.
Spørsmål om utvising i barskogområde vert avgjort av fjellstyret og allmenningsstyret i fellesskap.
Tvist om vilkåra for utvising ligg føre vert avgjort ved skjøn.
Er det utviste ikkje innan 5 år teke i bruk i samsvar med opplysningar gjeve i søknaden, eller med vilkår som i tilfelle er sette for utvisinga, fell retten bort.
En bonde med beiterett i statsallmenning kan få tildelt en seter hvis det er nødvendig for gårdens drift. Dette krever godkjenning og må ikke skade skogen eller annen bruk av området. Retten faller bort hvis seteren ikke tas i bruk innen 5 år.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 19 juni 1992 nr. 61.
Sammenheng
Referert av3
Koblinger for § 18 i fjellova.