Hopp til innhold
Forskrift

§ 8. Om frist til å ta setra i bruk

Forskrift om seter og tilleggsjord m.m.·Kapittel 3. – Seter·Sist endret 1. september 2009

Om frist til å ta setra i bruk

Utvist seter må takast i bruk innan 5 år, jf. § 18 femte ledd i fjellova. Når det er gått 5 år sidan utvisinga blei gjort, skal fjellstyret sjå til at utvist seter er teken i bruk i samsvar med føresetnadene for utvisinga. Om det utviste ikkje er teke i bruk innan 5 år skal fjellstyret ved vedtak ta stilling til om retten er falt bort, og gi melding til Statskog SF. I si melding til Statskog SF må fjellstyret gi sitt syn på om seterbrukaren skal fjerne eventuelle hus eller om utvisinga skal førast over til ein annan eigedom i samsvar med § 20 første ledd, eller § 21 første ledd i fjellova. Fjellstyret skal i slike saker innhente fråsegn frå regional kulturminnestyresmakt. Statskog SF kan påleggje seterbrukaren å fjerne eventuelle hus, om ikkje utvisinga blir ført over til ein annan eigedom i samsvar med § 20 første ledd eller § 21 første ledd i fjellova, og den nye brukaren tek over husa. Ved overføring av utvist seter, gjeld føresegnene i første, andre og tredje ledd tilsvarande.

En tildelt seter må tas i bruk innen fem år. Hvis dette ikke skjer, skal fjellstyret vurdere om retten til seteren er tapt og informere Statskog SF.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Se ogsåForskrift om seter og tilleggsjord m.m. § 18Forskrift om seter og tilleggsjord m.m. § 20Forskrift om seter og tilleggsjord m.m. § 21Fjellova § 18referert av 2

Sammenheng

Se også5
Referert av2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 8 i forskrift-om-seter-og-tilleggsjord-mm.

Les hele forskriften i sammenheng →