Hopp til innhold
Forskrift

§ 5. Beiteareal, inngjerding, natthamning og gjetarbu

Forskrift om seter og tilleggsjord m.m.·Kapittel 2. – Beite·Sist endret 1. september 2009

Beiteareal, inngjerding, natthamning og gjetarbu

Jordbrukar med beiterett i statsallmenning kan få utvist areal til inngjerding og natthamning (beiteareal), og ein stad for oppføring av gjetarbu, anten aleine eller saman med andre jordbrukarar. Det er eit vilkår at dei som har beiterett godtgjer behovet for areal til inngjerding eller gjetarbu, ved til dømes å leggje fram driftsplan. Søknad om å få utvist beiteareal og ein stad for oppføring av gjetarbu skal sendast til fjellstyret. Fjellstyret skal leggje saka fram for kommunen, Statskog SF og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret i reinbeiteområde etter reindriftslova, for fråsegn. Fjellstyret tek avgjerd om beiteareal og gjetarbu, og fastset dei nærare vilkåra for det utviste, under dette vilkår om oppføring av gjetarbu, kva slags bygningar som kan setjast opp, frist for å ta bua eller beitearealet i bruk m.m. Fjellstyret skriv ut eit dokument til beitebrukaren om utvisinga. Statskog SF skal ha kopi av det endelege vedtaket og dokumentet til beitebrukaren. Statskog SF tek avgjerd om inngjerding av beiteareal etter tilråding frå fjellstyret. I avgjerda kan Statskog SF setje dei vilkåra som er nødvendige, mellom anna kva slag gjerde søkjaren skal bruke og kor det av omsyn til ferdsel skal vere eit le eller ei grind. Når beitearealet eller gjetarbua ikkje lenger er i bruk skal fjellstyret fatte vedtak om at inngjerdinga eller gjetarbua skal fjernast, om det ikkje kan utvisast til ein annan som har bruksrett. Elles gjeld føresegnene om fjerning av hus i § 8 tilsvarande.

Bønder med beiterett i statsallmenning kan søke om egne områder til inngjerding og plass til gjetarbu. Det kreves at man kan dokumentere behovet for arealet. Fjellstyret og Statskog bestemmer om søknaden godkjennes og hvilke vilkår som gjelder.AI

Endret 28. august 2009 · i kraft 1. september 2009
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Se ogsåForskrift om seter og tilleggsjord m.m. § 8referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2
Endringshistorikk2

Koblinger for § 5 i forskrift-om-seter-og-tilleggsjord-mm.

Les hele forskriften i sammenheng →