Forskrift
§ 21. Leige av jord for jordbrukar utan beiterett
Forskrift om seter og tilleggsjord m.m.·Kapittel 7. – Utvising og utleige av tilleggsjord·Sist endret 1. september 2009
Leige av jord for jordbrukar utan beiterett
Jordbrukar utan beiterett i statsallmenningen kan få leige jord om beiterettshavarane ikkje søkjer om å få jorda utvist, jf. § 21 tredje ledd første punktum i fjellova.
Søknad om utvising av leigejord til jordbrukar utan beiterett skal sendast fjellstyret. Fjellstyret skal leggje saka fram for kommunen, Statskog SF og eventuelt allmenningsstyret og områdestyret i reinbeiteområde etter reindriftslova, for fråsegn.
Kommunen handsamar og avgjer søknaden etter gjeldande forskrift om nydyrking i dei tilfelle der søknaden omfattar fulldyrking eller overflatedyrking etter forskrifta. Gjeld søknaden kultivering, og eventuelt inngjerding til beitebruk, skal kommunen gi fråsegn om dei tilhøva som er nemnde i § 5 i forskrifta om nydyrking.
Fjellstyret gjer vedtak om utleige av tilleggsjord til jordbrukar utan beiterett.
Dei nærare vilkåra for utleige av tilleggsjord til jordbrukar utan beiterett skal fastsetjast i avtale, og Statskog SF skal ha melding om vedtaket og ein kopi av avtalen.
En jordbruker uten beiterett i statsallmenningen kan leie jord dersom beiterettshaverne ikke søker om å få jorda utvist. Fjellstyret avgjør om jord skal leies ut, og vilkårene bestemmes i en avtale.AI
Endret 28. august 2009 · i kraft 1. september 2009
Endringshistorikk (2)
- 28. august 2009Endr. i forskrift om seter mv. i statsallmenning
- 30. mars 2007Endr. i forskrift om seter og tilleggsjord m.m.
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).
Se ogsåForskrift om seter og tilleggsjord m.m. § 5referert av 4 →
Sammenheng
Referert av4
Endringshistorikk2
Koblinger for § 21 i forskrift-om-seter-og-tilleggsjord-mm.