Hopp til innhold
Forskrift

§ 7. Søknad og saksgang ved utvising av seter

Forskrift om seter og tilleggsjord m.m.·Kapittel 3. – Seter·Sist endret 1. september 2009

Søknad og saksgang ved utvising av seter

Søknad om utvising av seter skal sendast til fjellstyret, som gjer vedtak. Før fjellstyret gjer vedtak, skal saka leggjast fram for Statskog SF og regional kulturminnestyresmakt til fråsegn. Spørsmål om utvising av seter i område med produktiv skog blir avgjort av fjellstyret og allmenningsstyret i fellesskap. Blir dei to styra ikkje samde, gjeld føresegnene i § 9 i fjellova. Gjeld det utvising av seter i område som er reinbeiteområde etter vedtak i medhald av lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift (reindriftsloven) § 5, jf. § 4 og § 8, skal søknaden leggjast fram for områdestyra til fråsegn før fjellstyret gjer vedtak. Fjellstyret skriv ut eit eige dokument til seterbrukaren om utvisinga. Statskog SF skal ha kopi av det endelege vedtaket og dokument til seterbrukar.

Søknader om utvising av seter skal sendes til fjellstyret, som tar beslutningen. Før vedtaket fattes, skal relevante myndigheter og organisasjoner få uttale seg. Brukeren får et eget dokument om utvisingen.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 26 aug 2009 nr. 1120 (i kraft 1 sep 2009).

Se ogsåReindriftsloven § 5Reindriftsloven § 4Reindriftsloven § 8Fjellova § 9referert av 2

Sammenheng

Se også4
Referert av2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 7 i forskrift-om-seter-og-tilleggsjord-mm.

Les hele forskriften i sammenheng →