Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 21.

Fjellova·Kapittel X. – Seter og tilleggsjord.
Seter i statsallmenning kan overførast til bruk for jordbrukar(ar) som ikkje har beiterett i allmenningen, når ingen av beiterettshavarane ønskjer å overta setra og fjellstyret samtykkjer. Det same gjeld utvist tilleggsjord, når både departementet og fjellstyret samtykkjer. Vidare kan fjellstyret utvise seter til jordbrukar(ar) som ikkje har beiterett i allmenningen, når det er høveleg unytta beiteområde som ingen av beiterettshavarane er interesserte i å nytte. Jord som er skikka til dyrking eller til kulturbeite, og som ingen av beiterettshavarane søkjer om å få utvist, kan departementet med samtykkje frå fjellstyret leige bort til jordbrukar(ar) som ikkje har beiterett i allmenningen. Leigeinntektene tilfell fjellkassa. Den nye bruken etter andre og tredje stykket i paragrafen må ikkje vere til vesentleg skade for bruksrettshavarane si utnytting av allmenningen eller for skogen. Tvist om dette vert avgjort ved skjøn. Dei nærare vilkår – herunder vederlag for bruken – vert fastsette ved avtale.

Seter og tilleggsjord i statsallmenning kan i visse tilfeller overføres eller leies ut til bønder som ikke har beiterett. Dette krever samtykke fra fjellstyret og i noen tilfeller departementet, og forutsetter at ingen med beiterett ønsker området. Bruken må ikke skade skogen eller andre bruksrettshavere.AI

referert av 5

Sammenheng

Referert av5

Koblinger for § 21 i fjellova.

Les hele loven i sammenheng →