I statsallmenning skal dei som siste året har vore og framleis er fast busette i Norge ha rett til under like vilkår å oppnå høve til å drive jakt utan hund på småvilt.
Fjellstyret avgjer om det skal gjevast løyve til å drive fangst av småvilt og jakt med hund på småvilt. Like eins avgjer fjellstyret om løyve til slik jakt skal gjevast til personar som har jaktrett etter første stykket eller berre til personar som siste året har vore og framleis er fast busette i området der allmenningen ligg – og som Kongen fastset grensene for – eller i bygd eller grend der innbuarane frå gamal tid har utøvd allmenningsbruk i allmenningen.
Fjellstyret kan avgrense talet på vilt av ulike slag som nokon kan felle eller fange, og innskrenke tida, måten og området for jakta og fangsten. Fjellstyret kan og avgrense talet på dei som kan få høve til å drive fangst av småvilt, på dei som kan få høve til å drive jakt utan hund på småvilt og på dei som kan få løyve til å drive jakt med hund på slikt vilt. Ved eventuell avgrensing av talet på dei som kan få høve til slik jakt som nemnt i første stykket, må fjellstyret sjå til at det vert rimeleg balanse mellom innan- og utanbygdsbuande.
Før fjellstyret gjer noko vedtak etter andre og tredje stykket, skal kommunen uttale seg. Er det usemje mellom fjellstyret og kommunen, må fjellstyrevedtaket leggjast fram for departementet som tek avgjerd i saka.
Personer som har vært fast bosatt i Norge det siste året, har rett til å jakte småvilt uten hund i statsallmenning. Fjellstyret bestemmer reglene for fangst og jakt med hund, samt hvor mange som får lov til å jakte. Kommunen skal uttale seg før slike vedtak blir gjort.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 3 juli 1992 nr. 95.
Sammenheng
Utfyllende forskrifter2
Koblinger for § 23 i fjellova.