Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 25.

Fjellova·Kapittel XI. – Jakt og fangst.
Jakt og fangst i statsallmenning kan berre drivast mot løysing av jaktkort og betaling av avgift. Avgifta, som vert fastsett av fjellstyret, må godkjennast av departementet. Fjellstyret har høve til å setja ulik avgift for dei som er busette i område, bygd eller grend slik som nemnt i § 23 andre stykket og for andre jegrar. Avgifta kan og setjast ulik for jakt utan hund på småvilt og for slik jakt med hund. Innehavaren skal ha jaktkortet med seg under jakta, og pliktar å vise det fram når dette vert kravt av jaktoppsynet, politiet eller nokon frå fjellstyret. Fjellstyret kan nekte å skrive ut jaktkort til den som i dei 3 siste åra rettskraftig er dømd til straff, eller har vedteke førelegg om straff, for brot mot nokor føresegn om jakt. Kongen fastset nærare forskrifter om jaktkort og om kontroll med jakt og fangst i statsallmenning.

For å jakte og fange dyr i statsallmenning må man kjøpe jaktkort og betale en avgift. Jaktkortet må tas med på jakt og vises frem ved forespørsel. Fjellstyret kan nekte utstedelse av jaktkort til personer som er dømt for brudd på jaktregler.AI

Se ogsåFjellova § 23referert av 1

Sammenheng

Utfyllende forskrifter3
Se også1
Referert av1

Koblinger for § 25 i fjellova.

Les hele loven i sammenheng →