Forskrift
§ 11. Førebyggjande tiltak
Førebyggjande tiltak
Når ein skogeigar har fått varsel om at det er risiko for sverming av skadeinsekt i eit område, skal ungskogpleie og tynningshogster gjennomførast etter at svermeperioden er avslutta. I ein slik situasjon skal også ferskt bartrevirke som bult, stammer og grove toppar transporterast ut av skogen eller gjerast uegna som ynglemateriale for insekt som kan skade skog.
Når skog er skada som følgje av storm, tørke, skogbrann, snøbrekk o.l. og det er gitt varsel om at det er risiko for insektsverming eller soppangrep, skal skogeigarar i vedkommande område sørgje for at nødvendige hogstar og oppryddingstiltak mv. blir gjennomførte så raskt som mogleg.
Terminalar med tømmer kan bli kravd overvaka med tanke på risiko for spreiing av skadegjerarar. Eigaren av tømmeret er ansvarleg for slik overvaking.
Statsforvaltaren kan fastsetje fristar og nærare reglar for det som er nemnd i 1.-3. ledd.
Skogeigarar må gjere tiltak for å hindre skadeinsekt og sopp etter varsel om risiko. Dette inneber mellom anna å rydde ferskt bartrevirke og gjennomføre hogstar. Eigaren av tømmer på terminalar har ansvar for overvaking mot spreiing av skadegjerarar.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 21 des 2020 nr. 3044 (i kraft 1 jan 2021).
Sammenheng
Koblinger for § 11 i forskrift-om-berekraftig-skogbruk.