Forskrift
Nynorsk
§ 10-1. Krav til avhandlinga
Krav til avhandlinga
(1) Avhandlinga skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid som oppfyller internasjonale standardar når det gjeld etiske krav, fagleg nivå og metode på fagområdet.
(2) Avhandlinga skal vere med og utvikle ny fagleg kunnskap og liggje på eit nivå som tilseier at ho vil kunne publiserast som del av den vitskaplege litteraturen på fagområdet.
(3) Avhandlinga kan vere ein monografi eller ei samanstilling av fleire mindre vitskaplege arbeid. Dersom avhandlinga er sett saman av fleire mindre arbeid, skal det gjerast greie for samanhengen mellom dei i ei samanbindande framstilling («kappe»).
(4) Dersom eit skriftleg arbeid er blitt til i samarbeid med andre forfattarar, skal ph.d.-kandidaten følgje allment aksepterte normer for medforfattarskap i samsvar med tradisjonar i fagmiljøet og internasjonale standardar. Om avhandlinga hovudsakleg er samansett av artiklar, skal kandidaten normalt vere hovud- eller fyrsteforfattar på minst halvparten av artiklane.
(5) I avhandlingar som er sette saman av arbeid med fleire forfattarar, skal det fylgje med ei signert stadfesting som gjer greie for kva kandidaten har utført i kvart einskilt arbeid. Kandidaten sin sjølvstendige del av arbeidet må kunne vere mogleg å identifisere.
(6) Avhandlinga skal vere skriven på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Om kandidaten ynskjer å bruke eit anna språk, skal det vere søkt om særskilt løyve til det ved opptak, jf. § 5-2.
En ph.d.-avhandling skal være et selvstendig vitenskapelig arbeid som følger internasjonale standarder for etikk, metode og faglig nivå. Arbeidet skal bidra til ny kunnskap og kan være enten én sammenhengende tekst eller flere mindre arbeid som bindes sammen av en kappe.AI
Se ogsåForskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda § 5-2referert av 2 →
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 10-1 i forskrift-om-graden-philosophiae-doctorved-høgskulen-i-volda.