Forskrift
Nynorsk
§ 10. Tildelingskriterium og utmåling av tilskot
Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta·Kapittel III. Tilskot til studiesenter
Tildelingskriterium og utmåling av tilskot
Følgjande krav må vere oppfylte:
a) regional medfinansiering på minimum 20 prosent og/eller tilsvarande eigeninnsats, jf. § 9 første ledd bokstav f
b) søkjar må gjere greie for at studiesenteret har kapasitet til å gjennomføre studietilbodet jf. § 9 tredje ledd bokstav e.
Tilskotsforvaltar skal fordele midlane til studiesentera basert på søknadar og prioritere tilskot som i størst mogeleg grad bidrar til måloppnåing jf. § 6.
Tilskotsforvaltar kan gi tilsegn om tilskot til studiesentera med ei varigheit på inntil tre år med atterhald om Stortinget sitt årlege budsjettvedtak, eller fullfinansiere heile drifta det eine året. Tilsegna vil vere gyldig tilsegnsåret pluss to år. Etter det må ein søke om tilskot på nytt.
Tilskotet skal berre dekke kostnadar som er naudsynte for gjennomføring og føremålet med ordninga.
Tilskotet kan ikkje finansiere følgjande:
a) kausjon eller annan økonomisk garanti
b) renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte studiesentertilbod
c) avsetting av midlar til uspesifiserte fond
d) fysiske bygg.
Tilskot kan ikkje finansiere følgjande driftskostnadar:
a) utstyr over ein samla kostnad på 50 000 kroner
b) løn til undervisarar som er finansierte av andre institusjonar og organisasjonar
c) fagleg og pedagogisk utvikling av undervisarar
d) oppgåver som utdanningsinstitusjonane har eit eige ansvar for
e) reise- og opphaldskostnadar for studentar
f) reise- og opphaldskostnadar for undervisarar kan dekkast dersom andre kjelder til finansiering ikkje er mogeleg.
Reglene fastsetter kravene for å få tilskudd til studiesentre, inkludert krav om medfinansiering og kapasitet. De definerer hva pengene kan brukes til, og hvilke kostnader som ikke kan dekkes av tilskuddet.AI
Se ogsåForskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta § 9Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta § 6
Sammenheng
Se også2
Koblinger for § 10 i forskrift-om-kommunal--og-distriktsdepartementets-tilskot-til-kompetanse-og-arbeidskraft-i-distrikta.