Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 6. Formål og geografisk verkeområde

Formål og geografisk verkeområde

Studiesenterordninga skal bidra til at utdanning og kompetanseutvikling blir tilgjengeleg for innbyggjarar og tilsette i verksemder som ikkje kan følgje ordinær undervisning ved dei faste studiestadene som følgje av lange avstandar. Måloppnåing skal bli vurdert etter følgjande kriterium: a) auka innsats for etablering av fleire etterspurde fleksible og/eller desentraliserte tilbod om utdanning b) auka tal på personar som tileignar seg etterspurd kompetanse c) fleire utanfor arbeidslivet får utdanning og kompetanseutvikling. Eit studiesenter er ein fysisk møteplass og læringsmiljø som legg til rette for desentralisert og fleksibel utdanning og kompetanseutvikling i distrikta i samsvar med behova til individ og offentlege og private verksemder. Det er vidaregåande skular, fagskular, høgskular og universitet som er fagleg ansvarleg for tilboda ved studiesentera. Studiesentera oppmodast til å samarbeide med andre aktørar om å bruke eksisterande lokale som folkebibliotek, næringshagar og skular, til undervisning og samlingar. Desentraliserte og/eller fleksible tilbod ved studiesentera skal kome i tillegg til dei eksisterande tilboda i regionen.

Studiesenter skal gjøre utdanning og kompetanseutvikling tilgjengelig for personer som ikke kan reise til faste studiesteder på grunn av lange avstander. Sentrene fungerer som fysiske møteplasser for fleksibel utdanning i distriktene.AI

referert av 4

Sammenheng

Referert av4

Koblinger for § 6 i forskrift-om-kommunal--og-distriktsdepartementets-tilskot-til-kompetanse-og-arbeidskraft-i-distrikta.

Les hele forskriften i sammenheng →