Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 5. Tildelingskriterium og storleik på tilskotet

Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta·Kapittel II. Tilskot til mobilisering til utdanning og kompetanseheving

Tildelingskriterium og storleik på tilskotet

Tilskotsforvaltar skal prioritere dei prosjekta som i størst grad bidrar til måloppnåing jf. § 2. Tilskotsforvaltar kan gi tilsegn om tilskot til prosjekt med varigheit på inntil tre år med atterhald om Stortinget sitt årlege budsjettvedtak, eller fullfinansiere heile prosjektet det eine året. Tilsegna vil vere gyldig tilsegnsåret pluss to år. Etter det må ein søkje om tilskot på nytt (eventuelt søke om forlenging). Midlane kan bli nytta til både å etablere eigne regionale søknadsbaserte tilskotsordningar og fylkeskommunale prosjekt, jf. § 15 fjerde ledd. Samla tilskot til eit prosjekt for mobilisering til utdanning og kompetanseheving skal som regel ikkje overstige 50 prosent av kostnadane (som gjeld tilskota). Dette gjeld òg fylkeskommunane sine eigne prosjekt. Tilskotet skal berre dekke kostnadar som er naudsynte for å realisere prosjektet og føremålet med ordninga. Tilskotet må vere innanfor EØS-avtalen sine reglar om offentleg tilskot. Tilskot utbetalt etter forskrifta skal ikkje kryssubsidiere anna økonomisk aktivitet som kan vri konkurransen eller påverke samhandling i strid med Noregs EØS-forpliktingar. Midlane kan ikkje finansiere følgjande: a) kausjon eller annan økonomisk garanti b) renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt c) avsetting av midlar til uspesifiserte fond d) fysiske bygg e) tiltak retta mot ei einskild bedrift.

Tilskotsforvaltar prioriterer prosjekt som bidrar mest til måla i ordninga. Støtta dekker som regel inntil 50 prosent av nødvendige kostnader, og kan gis for prosjekt med varigheit på inntil tre år.AI

Se ogsåForskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta § 2Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta § 15

Sammenheng

Se også2

Koblinger for § 5 i forskrift-om-kommunal--og-distriktsdepartementets-tilskot-til-kompetanse-og-arbeidskraft-i-distrikta.

Les hele forskriften i sammenheng →