Forskrift
Nynorsk
§ 15. Kven som forvaltar tilskotet og deira fullmakter
Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta·Kapittel V. Avgjerd om forvaltinga i fylkeskommunane
Kven som forvaltar tilskotet og deira fullmakter
Ordninga blir forvalta av fylkeskommunen på bakgrunn av løyvinga frå Stortinget. Fleire fylkeskommunar kan samarbeide om eit prosjekt eller eit studiesentertilbod, men éin fylkeskommune må stå som ansvarleg forvaltar.
Departementet tildeler midlane til fylkeskommunane som tilskot utan krav om tilbakebetaling. Fylkeskommunane kan disponere midlane uavhengig av året for løyvinga.
Fylkeskommunane har fullmakt til å:
a) bestemme i kva år eit tilsegn skal bli gitt
b) avgjere kor lenge gjeldande tilsegn er gyldig, men maksimalt for tilsegnsår pluss to år
c) handsame søknad om å forlenge gjeldande tilsegn
d) gi unytta midlar til nye tiltak i tråd med måla for løyvinga.
Fylkeskommunane kan finansiere tiltak og prosjekt i eigen regi, eller etablere eigne regionale støtteordningar av midla under mobiliseringsordninga.
Fylkeskommunane kan overføre midlar frå mobiliseringsordninga til studiesenterordninga. Midlar på sistnemnde ordning skal kun gå til studiesentera. Dersom fylkeskommunen overfører midlar må dei delane av forskrifta som gjeld for studiesenterordninga bli følgt.
Fylkeskommunene forvalter tilskudd fra departementet og kan bruke pengene uavhengig av hvilket år de ble tildelt. De kan bestemme varighet på tilsegnsår, behandle forlengelser og bruke ubrukte midler til nye tiltak innenfor løyvingens mål.AI
Sammenheng
Koblinger for § 15 i forskrift-om-kommunal--og-distriktsdepartementets-tilskot-til-kompetanse-og-arbeidskraft-i-distrikta.