Forskrift
Nynorsk
§ 9. Krav til innhaldet i søknaden
Forskrift om Kommunal- og distriktsdepartementets tilskot til kompetanse og arbeidskraft i distrikta·Kapittel III. Tilskot til studiesenter
Krav til innhaldet i søknaden
Søknaden må innehalde følgjande opplysningar om søkjar og økonomi:
a) namn på søkjar og organisasjonsnummer
b) kontaktperson, administrativt ansvarleg eller prosjektleiar
c) tilskotsbeløpet det blir søkt om
d) beskriving av kva det blir søkt om midlar til
e) eit spesifisert og kostnadseffektivt budsjett og ein finansieringsplan
f) informasjon om regional medfinansiering på minimum 20 prosent og/eller tilsvarande eigeninnsats.
Aktørar som yter regional medfinansiering etter første ledd bokstav f kan til dømes vere kommunar, fylkeskommunar, stiftelsar og næringsliv. Med eigeninnsats etter første ledd bokstav f meiner ein løn eller timeinnsats, økonomiske bidrag og honorar, samt lokale og utstyr.
Søknaden må òg innehalde følgjande:
a) omtale av mål og målgrupper
b) forventa resultat vurdert opp mot kriteria for måloppnåing
c) gjennomføringsplan inkludert tidsplan
d) eit relevant kunnskapsgrunnlag, frå til dømes fylkeskommunen, som beskriv behova i arbeidsmarknaden
e) informasjon om at studiesenteret har kapasitet til å oppretthalde og/eller etablere nye studietilbod
f) ein underteikna avtale mellom studiesenteret og utdanningsinstitusjon (eller tilbydar(ar)) om å samarbeide om eit desentralisert og/eller fleksibelt utdanningstilbod.
Den underteikna avtalen etter tredje ledd bokstav f må òg innehalde informasjon om roller og ansvarsfordeling mellom dei involverte aktørane, fakta om dei konkrete tilboda dei vil samarbeide om, samt korleis studiesentera vil legge til rette for studiane for studentane.
Søkjar skal sende inn søknad om tilskot i regionalforvaltning.no. Tilskotsforvaltar fastset søknadsfrist. Søknader som kjem inn etter fristen kan bli avviste.
Tilskotsforvaltar kan krevje ytterlegare dokumentasjon for å vurdere søknadane.
Denne bestemmelsen fastsetter hvilken informasjon og dokumentasjon som må være med i en søknad om tilskudd til studiesentre. Den beskriver krav til økonomisk plan, samarbeidsavtaler og hvordan søknaden skal sendes inn.AI
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 9 i forskrift-om-kommunal--og-distriktsdepartementets-tilskot-til-kompetanse-og-arbeidskraft-i-distrikta.