Hopp til innhold
Forskrift

§ 3. Vilkår for å stå på blad A i manntalet

Vilkår for å stå på blad A i manntalet

Ein person har rett til å stå på blad A dersom følgjande vilkår er oppfylte: 1) Vedkomande har fylt 15 år. 2) Vedkomande er busett i Noreg. 3) Vedkomande arbeider om bord på fartøy innført i registeret over merkepliktige norske fiskefartøy. I heilt spesielle tilfelle kan det gjerast unntak frå kravet om innføring i registeret. 4) Vedkomande har på årsbasis ei brutto inntekt frå fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som svarer til minst 50 000 kroner. Brutto inntekt frå fiske eller fangst svarer til brutto lottinntekt til skattlegging for lottmottakarar, og 2/3 av brutto omsetning fråtrekt eventuelle salskostnader for einefiskarar. 5) Vedkomande er ikkje sysselsett i full verksemd i anna yrke eller næring enn fiske og fangst og anna hausting av viltlevande marine ressursar. Det er å rekne som full verksemd dersom ein har ei arbeidstid på 2/3 eller meir av det som er vanleg i vedkomande yrke eller næring. Det er også å rekne som full verksemd dersom inntekta på årsbasis overstig 400 000 kroner. Dersom vedkomande er busett i det særlege verkeområdet nemnd i § 2a, er inntektsgrensa 500 000 kroner. Som inntekt i anna yrke eller næring er å rekne summen av brutto lønnsinntekt, netto næringsinntekt påplussa eventuelle fondsavsetningar og kapitalinntekter. Pensjonsinntekt skal reknast med med mindre det dreier seg om fiskarpensjon, om uføretrygd for personar som har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, eller om alderspensjon for personar under 75 år som har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra. 6) Vedkomande tek ikkje imot uføretrygd etter ein uføregrad på 100 % med mindre vedkomande har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra, eller ugradert alderspensjon med mindre vedkomande er under 75 år og har vore registrert i manntalet samanhengande i minst eitt av dei siste 10 åra. 7) Vedkomande er ikkje teken opp på blad B.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 8 jan 2010 nr. 16, 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 17 des 2010 nr. 1705 (i kraft 1 jan 2011), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013), 17 juni 2014 nr. 769, 4 juni 2015 nr. 589.

Se ogsåForskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 2areferert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 3 i forskrift-om-manntal-for-fiskarar-og-fangstmenn.

Les hele forskriften i sammenheng →