Forskrift
§ 4. Unntak frå vilkåra for å stå på blad A i manntalet
Unntak frå vilkåra for å stå på blad A i manntalet
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 3 nr. 4–nr. 6 for personar som tek imot alderspensjon eller uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller høgre, anten dersom dei har hatt fiske eller fangst i havet av fisk, krepsdyr, blautdyr eller småkval som hovudyrke i fem av dei siste 20 åra før overgang til pensjon, eller dersom særlege høve tilseier det når dei i det vesentlege av sitt yrkesaktive liv har oppfylt vilkåra for opptak på blad B. Det er eit vilkår at vedkomande tidlegare har vore registrert i fiskarmanntalet, og at vedkomande ikkje har inntekt frå anna yrke eller næring som overstig 300 000 kroner. Dersom vedkomande er busett i det særlege verkeområdet nemnd i § 2a, er inntektsgrensa 400 000 kroner.
Enkelte pensjonister og uføre kan få unntak for å stå på blad A i fiskarmanntalet. Dette krever at man tidligere har vært registrert i manntalet og har begrenset inntekt fra andre yrker eller næringer.AI
Endret 19. juni 2014 · i kraft 17. juni 2014
Endringshistorikk (3)
- 19. juni 2014Endr. i forskrift om manntal for fiskarar m.fl.
- 13. desember 2012Endr. i forskrift om manntal for fiskarar m.m.
- 18. september 2009Endr. i forskrift om fiskarmanntalet
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 16 sep 2009 nr. 1196, 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013), 17 juni 2014 nr. 769.
Se ogsåForskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 3 første leddForskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 2areferert av 2 →
Sammenheng
Se også2
Referert av2
Endringshistorikk3
Koblinger for § 4 i forskrift-om-manntal-for-fiskarar-og-fangstmenn.