Forskrift
§ 6. Unntak frå vilkåra for å stå på blad B i manntalet
Unntak frå vilkåra for å stå på blad B i manntalet
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3-nr. 4 for personar som mellombels ikkje oppfyller dei på grunn av omsorgsplikter eller andre særlege forhold.
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 3-nr. 6 for administrerande fiskebåtreiarar og for personar som på grunn av tillitsverv er hindra frå å drive fiske eller fangst i same omfang som tidlegare. Det er eit vilkår at vedkomande har vore registrert på blad B i føregåande år eller oppfyller vilkåret for tidsavgrensa ervervsløyve i lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova) § 7 andre ledd.
Det kan gjerast unntak frå vilkåra i § 5 nr. 4–nr. 6 for personar som har fylt 60 år eller tek imot uførepensjon etter ein uføregrad på 60 % eller lågare, og som har vore registrert på blad B dei siste 10 åra. Det er eit vilkår at personen på årsbasis har ei inntekt som minst svarer til 50 000 kroner.
Personar som står på blad B skal, utan omsyn til vilkåra i § 5 nr. 3–nr. 4 og nr. 6, bli ståande på blad B mens dei er gravide og fram til utgangen av det andre kalenderåret etter fødselen. Det same gjeld mens dei er i foreldrepermisjon, har omsorg for barn med langvarig sjukdom, eller er i vernepliktig førstegongsteneste.
Bestemmelsen gir mulighet for unntak fra kravene for å stå på blad B i manntallet. Dette gjelder blant annet ved omsorgsoppgaver, tillitsverv, alder, uføregrad eller graviditet og foreldrepermisjon.AI
Endret 14. desember 2018 · i kraft 1. januar 2019
Endringshistorikk (3)
- 14. desember 2018Endr. i forskrift som følge av ny deltakerforskrift
- 9. juni 2015Endr. i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn mfl.
- 13. desember 2012Endr. i forskrift om manntal for fiskarar m.m.
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 4 mai 2010 nr. 645 (i kraft 1 juli 2010), 11 des 2012 nr. 1191 (i kraft 1 jan 2013), 28 aug 2018 nr. 1270, 13 des 2018 nr. 1912 (i kraft 1 jan 2019).
Se ogsåForskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn § 5 første leddDeltakerloven § 7referert av 2 →
Sammenheng
Referert av2
Endringshistorikk3
Koblinger for § 6 i forskrift-om-manntal-for-fiskarar-og-fangstmenn.