Forskrift
§ 1-1. Verkeområde
Verkeområde
(1) Forskrifta gjeld for opptak til grunnutdanningar ved institusjonar under lov 8. mars 2024 nr. 9 om universiteter og høyskoler.
(2) Med grunnutdanning er meint utdanningar som normalt byggjer på vidaregåande opplæring, og som ikkje byggjer på eller har anna høgare utdanning som del av opptakskrav.
(3) Det er normalt krav om generell studiekompetanse for opptak til all grunnutdanning der det ikkje er fastsett unntak, jf. kapittel 3 i denne forskrifta. I tillegg til kravet om generell studiekompetanse har departementet fastsett spesielle opptakskrav for enkelte utdanningar, jf. kapittel 4.
(4) Forskrifta gjeld ikkje ved innpassing etter første studieår i fleirårige profesjonsutdanningar, for opptak til utdanning som byggjer på grunnutdanning, «profesjonsdelen» av utdanning og etter- og vidareutdanning. For slike utdanningar har institusjonane fullmakt til å fastsette opptakskrav og rangeringsreglar sjølve dersom departementet ikkje har fastsett slike i anna forskrift eller rammeplan.
(5) Departementet kan frita enkeltstudium frå reglane i denne forskrifta.
(6) Forskrifta gjeld òg, med visse unntak, jf. forskrifta § 8-1, for klagar over enkeltvedtak i den nasjonale opptaksmodellen for grunnutdanningar ved universitet og høgskular som blir organisert av tenesta Samordna opptak.
Denne regelen bestemmer hvem og hva forskriften om opptak til grunnutdanning gjelder for. Den forklarer hva en grunnutdanning er, og at det normalt kreves generell studiekompetanse for å komme inn.AI
Endret 17. september 2025 · i kraft 1. januar 2027
Endringshistorikk (6)
- 17. september 2025Opptaksforskrifta
- 30. desember 2024Forskrift om endring i forskrift om opptak til høgare utdanning
- 1. juli 2024Universitets- og høyskoleforskriften
- 26. januar 2021Endr. i forskrift om opptak til høgare utdanning
- 22. desember 2020Endr. i forskrift om opptak til høgre utdanning
- 5. februar 2018Endr. i forskrift om opptak til høgre utdanning
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrifter 30 jan 2018 nr. 137 (i kraft 1 feb 2018), 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 22 jan 2021 nr. 211 (i kraft 31 jan 2021), 28 juni 2024 nr. 1392 (i kraft 1 aug 2024), 19 des 2024 nr. 3488.
Sammenheng
Utfyllende forskrifter6
- Forskrift for opptak, studier og eksamen ved HØFY
- Forskrift om opptak til studier ved OsloMet
- Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
- Forskrift om endring i forskrift om opptak, studier og eksamen ved Universitetet i Innlandet
- Forskrift om opptak, studier og eksamen ved Universitetet i Innlandet
- Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
+ 3 flere
Endringshistorikk6
Koblinger for § 1-1 i forskrift-om-opptak-til-høgare-utdanning.