Hopp til innhold
Forskrift

§ 7-13. Rangering på grunnlag av særskild vurdering

Forskrift om opptak til høgare utdanning·Kapittel 7. Rangering av søkjarar ved opptak·Sist endret 1. juli 2017

Rangering på grunnlag av særskild vurdering

(1) Grunnlag for opptak etter særskild vurdering kan vere at eit anna morsmål enn norsk, sjukdom, funksjonshemming eller andre spesielle forhold gir grunn til å tru at karakterpoengsummen etter føresegnene i § 7-5 til § 7-7 ikkje gir eit rett bilete av kvalifikasjonane til søkjaren. (2) Søkjarar som ønskjer å bli vurderte etter denne føresegna, må be om det i søknaden og leggje ved særskild grunngiving og dokumentasjon på dei forholda dei nemner. (3) Forhold som dei som er nemnde ovanfor, gir ikkje i seg sjølve rett til studieplass. For å få tilbod om opptak må søkjaren ha likeverdige ferdigheiter og kunnskapar med søkjarar som får tilbod om opptak etter § 7-1 til § 7-12 og § 7-14. Søkjaren må sannsynleggjere at dei særskilde forholda har hatt innverknad på resultata frå vidaregåande opplæring. Utdanning og andre forhold utover vidaregåande opplæring skal ikkje leggast vekt på. (4) For studium med opptaksprøve gjeld denne føresegna når tilbod om opptaksprøve eller endeleg rangering heilt eller delvis byggjer på poengberekning etter § 7-1 til § 7-12. (5) Søkjarar som ikkje får tilbod om opptak etter desse reglane, skal rangerast etter reglane i høvesvis § 7-1 til § 7-12 og § 7-14.

Søkere kan be om en spesiell vurdering dersom sykdom, funksjonsnedsettelse eller andre spesielle forhold gjør at karakterene ikke gir et rettferdig bilde av kvalifikasjonene. For å få plass må søkeren ha likeverdige ferdigheter som andre opptatte søkere.AI

Endret 22. desember 2020 · i kraft 1. januar 2021
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 29 juni 2017 nr. 1065 (i kraft 1 juli 2017).

Se ogsåForskrift om opptak til høgare utdanning § 7-5Forskrift om opptak til høgare utdanning § 7-7Forskrift om opptak til høgare utdanning § 7-1Forskrift om opptak til høgare utdanning § 7-12referert av 5

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også5
Referert av5
Endringshistorikk2

Koblinger for § 7-13 i forskrift-om-opptak-til-høgare-utdanning.

Les hele forskriften i sammenheng →