Forskrift
Nynorsk
§ 1-1. Verkeområde
Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet·Kapittel 1. Verkeområde og definisjonar·Sist endret 20. november 2025
Verkeområde
(1) Forskrifta gjeld opptak til alle utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet til og med mastergradsnivå. Opptak til doktorgradsprogram er regulert i forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet.
(2) Det kan gjelde eigne reglar for fellesgradar som vert tilbydde i samarbeid med ein eller fleire lærestader. Dette skal gå fram av avtalen med dei samarbeidande institusjonar.
(3) Lov 8. mars 2024 nr. 9 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), forskrift 28. juni 2024 nr. 1392 til universitets- og høyskoleloven (universitets- og høyskoleforskriften), forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning, lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) og andre forskrifter om rammeplanar og andre nasjonale avgjerder er overordna denne forskrifta og gjeld føre forskrifta ved eventuell motstrid.
Denne forskrifta gjeld for opptak til alle utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet opp til og med mastergradsnivå. Det kan finnast eigne reglar for fellesgradar i samarbeid med andre lærestader. Overordna lover og forskrifter gjeld føre denne forskrifta ved motstrid.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 20 nov 2025 nr. 2990.
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 1-1 i forskrift-om-opptak-til-høgskulen-på-vestlandet.