Hopp til innhold
Forskrift

§ 4-1. Kvotar og opptaksrammer

Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen·Kapittel 4. Kvotar og opptaksrammer·Sist endret 1. januar 2020

Kvotar og opptaksrammer

(1) Styret sjølv fastset årleg talet på studieplassar for dei enkelte studieprogramma, jf. § 3-7 femte ledd i universitets- og høyskoleloven. (2) Opptak til studia kan skje på grunnlag av rangering innanfor kvotar. Ein kvote er eit bestemt tal eller ein bestemt del av studieplassane som blir fordelte blant søkjarar som tilfredsstiller nærare bestemte krav. (3) I tillegg til nasjonale kvoter, kan fakultetet fastsetje kvoter. (4) For masterprogram som gir opptak til internasjonale søkjarar som treng studieløyve i Noreg, skal det avsetjast ei kvote til søkjarar med tidleg søknadsfrist. For å få tilbod om studieplass, må desse søkjarane dokumentere eit karakternivå som er tilsvarande eller høgare enn poenggrensa året før. Dette gjeld ikkje for masterprogram som har opptaksprøver som del av opptaksgrunnlaget.

Styret bestemmer årleg kor mange studieplassar som finst ved kvart studieprogram. Opptak kan skje gjennom kvotar, som er faste plassar for søkjarar med bestemte krav. For enkelte masterprogram finst eigne kvotar for internasjonale søkjarar med tidleg frist.AI

Endret 24. august 2022 · i kraft 16. juni 2022
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 28 nov 2019 nr. 1867 (i kraft 1 jan 2020), 16 juni 2022 nr. 1469.

Sammenheng

Endringshistorikk2

Koblinger for § 4-1 i forskrift-om-opptak-til-universitetet-i-bergen.

Les hele forskriften i sammenheng →