Hopp til innhold
Forskrift

§ 3. Fastsetjing av fostringstilskotet etter overgangsreglane

Forskrift om overgangsreglar·Sist endret 1. april 2004

Fastsetjing av fostringstilskotet etter overgangsreglane

Fostringstilskotet skal setjast til det opphavlege netto fostringstilskotet justert for halvparten av differansen mellom fostringstilskotet fastsett etter dei nye reglane og det opphavlege netto fostringstilskotet, men slik at endringa aldri vert mindre enn kr 1.250 per barn per månad. Når overgangsperioden er slutt, skal fostringstilskotet vere lik det opphavlege fastsette fostringstilskotet rekna på det tidspunktet vedtaket om endring vart gjort. Reglane i forskrifta om fastsetjing og endring av fostringstilskot § 6 om tilskotsevne og § 7 om maksimumsgrense og § 10 om barnetillegg i trygd o.a. gjeld tilsvarande når fostringstilskotet vert fastsett etter reglane i denne forskrifta. Reglane i barnelova § 73 om indeksregulering gjeld både for det nye fostringstilskotet etter dei vanlege reglane og for det fostringstilskotet som gjeld etter overgangsreglane. Det nye fostringstilskotet skal reknast med indeksregulering frå det tidspunktet overgangsreglane er oppheva. Fostringstilskot kan berre krevjast fastsett etter overgangsreglane ein gong for kvart barn.

Denne regelen forklarer hvordan fostringstilskudd beregnes i en overgangsperiode. Den fastslår at visse regler om tilskuddsevne, maksimumsgrenser og barnetillegg fortsatt gjelder, og at beløpet skal indeksreguleres. Overgangsreglene kan bare brukes én gang per barn.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 18 mars 2004 nr. 563 (i kraft 1 april 2004).

Se ogsåBarnelova § 73

Sammenheng

Se også1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 3 i forskrift-om-overgangsreglar.

Les hele forskriften i sammenheng →