Hopp til innhold
Forskrift

§ 9. Kommunen skal vurdere om det skal takast steg til odelsfrigjering og varsle retten

Forskrift om saksbehandling i odelssaker·Sist endret 1. januar 2021

Kommunen skal vurdere om det skal takast steg til odelsfrigjering og varsle retten

Når kommunen meiner saka er godt nok opplyst, skal den utan ugrunna opphald avgjere om det skal takast steg til odelsfrigjering. I alle saker etter odl. § 30 og § 32 skal kommunen kontrollere om søknad om odelsfrigjering er sett fram av eigaren innan 2 månader rekna frå stemning i løysingssaka blei forkynt for han. Gjeld søknaden odelsfrigjering etter odl. § 30, skal kommunen vurdere om a) den aktuelle eigedomen er odelsjord, og om b) staten eller ein kommune har teke over, eller vil ta over slik jord. Gjeld søknaden odelsfrigjering etter odl. § 32 andre ledd, skal kommunen vurdere om a) nokon friviljug har «late frå seg odelsjord», b) overtakar har søkt om odelsfrigjering. Kjem kommunen til at vilkåra er oppfylte for den aktuelle søknaden, skal kommunen varsle retten om at det vil bli teke steg til odelsfrigjering, og be om at løysingssaka blir stansa, jf. odl. § 33 andre ledd. Kommunen skal varsle partane om at det vil bli teke steg til odelsfrigjering og at løysingssaka blir stansa. Kjem kommunen til at vilkåra ikkje er oppfylte, skal kommunen avslå søknaden om odelsfrigjering. Avslaget kan påklagast til Statsforvaltaren.

Kommunen avgjør om en eiendom skal frigjøres fra odelsretten når saken er tilstrekkelig opplyst. Hvis vilkårene er oppfylt, varsler kommunen retten og partene slik at løysingssaken stanses. Hvis ikke, blir søknaden avslått.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 12 des 2013 nr. 1496 (i kraft 1 jan 2014), 21 des 2020 nr. 3044 (i kraft 1 jan 2021).

Se ogsåOdelslova § 30Odelslova § 32Odelslova § 2Odelslova § 33

Sammenheng

Se også4
Endringshistorikk1

Koblinger for § 9 i forskrift-om-saksbehandling-i-odelssaker.

Les hele forskriften i sammenheng →