Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 30. Når stat eller kommune har tatt over odelsjord

Odelslova·Kapittel VIII. – Odelsfrigjering.·Sist endret 1. juli 2009

Når stat eller kommune har tatt over odelsjord

Dersom staten eller ein kommune har tatt over eller vil ta over odelsjord, og særlege grunnar taler for at odelsrett ikkje bør vere til hinder, kan Kongen ta avgjerd om odelsfrigjering. Det kan setjast som vilkår at jorda innan ein nærare fastsett frist blir tatt i bruk til det påtenkte føremålet, eller at førebuande arbeid med sikte på dette blir sett i verk innan ei viss tid. Går den fastsette fristen ut utan at vilkåra er oppfylte, kan jorda løysast på odel, og vanleg foreldingsfrist, jfr. § 40, går frå dette tidspunktet. I dette tilfelle blir også dei som er fødde etter at jorda gjekk ut av slekta rekna for å ha odelsrett, så framt dei etter reglane i §§ 8 og 9 elles ville hatt det.

Kongen kan bestemme at odelsjord blir frigjort fra odelsretten dersom staten eller en kommune overtar jorda og det er spesielle grunner for det. Det kan stilles krav om at jorda brukes til et bestemt formål innen en viss tid.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848).

Se ogsåOdelslova § 40Odelslova § 8Odelslova § 9omtalt i 1 kildereferert av 9

Sammenheng

Utfyllende forskrifter2
Se også3
Referert av9
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 30 i odelslova.

Les hele loven i sammenheng →