Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 40. Frist for å gjere odelsretten gjeldande

Odelslova·Kapittel X. – Forelding av odelsrett og løysingsrett.·Sist endret 1. juli 2009

Frist for å gjere odelsretten gjeldande

Retten til odelsløysing må gjerast gjeldande innan seks månader frå den dagen då dokument som gir den nye eigaren full heimel blir tinglyst. Dette gjeld også overgang ved arv. Ved tvangssal blir foreldingsfristen rekna frå tinglysinga av tvangssalskøyte. Reglane i første stykket gjeld likevel ikkje når ein eigar med odelsrett ikkje oppfyller buplikta etter konsesjonslova § 5 eller driveplikta etter jordlova § 8. Andre odelsrettshavarar som hadde odelsrett då eigaren fekk tinglyst heimel, kan i eit slikt tilfelle krevje å løyse eigedomen, dersom kravet blir sett fram før det tidsromet er ute som eigaren er pålagt buplikt for eller som følgjer av konsesjonslova § 5 andre stykket.

Retten til å løse ut en odelsgård må brukes innen seks måneder etter at ny eier har fått tinglyst hjemmel. Dette gjelder også ved arv og tvangssalg. Andre odelsrettshavere kan i visse tilfeller kreve løsning dersom eieren ikke oppfyller bo- eller driveplikten.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 19 des 1975 nr. 70, 26 juni 1992 nr. 86, 12 jan 1996 nr. 4 (ikr. 1 juli 1996 iflg. res. 12 jan 1996 nr. 88 – ettårsfristen (før var den to år) – gjeld ikkje der odelsløysingsfristen etter første eller andre stykket har teke til å løpe før iverksetjingsdatoen), 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848, sjå lovas IX).

Se ogsåKonsesjonsloven § 5 første leddJordlova § 8referert av 3

Sammenheng

Se også2
Referert av3

Koblinger for § 40 i odelslova.

Les hele loven i sammenheng →