Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 8. Driveplikt

Jordlova·Kapittel IV. Vern av dyrka og dyrkbar jord m.v.·Sist endret 1. september 2017

Driveplikt

Jordbruksareal skal drivast. Driveplikta gjeld for heile eigartida. Ny eigar må innan eitt år ta stilling til om han eller ho vil drive eigedomen sjølv eller leige bort jordbruksarealet etter føresegnene i andre ledd. Driveplikta kan oppfyllast ved at arealet vert leigd bort. Det er ein føresetnad for at driveplikta er oppfylt ved bortleige at leigeavtala er på minst 10 år om gongen utan høve for eigaren til å seie ho opp. Avtala må føre til driftsmessig gode løysingar og vere skriftleg. Avtaler som fører til driftsmessig uheldige løysingar, kan følgjast opp som brot på driveplikta. Eigaren må sende kopi av avtala til kommunen. Ei leigeavtale som er i strid med andre eller tredje punktum, kan ikkje gjerast gjeldande mellom partane eller i høve til offentlege styresmakter. Finn departementet at jordbruksarealet ikkje vert drive, kan eigaren påleggjast å leiga jorda bort for ei tid av inntil 10 år, eller at jorda skal plantast til med skog, eller tiltak av omsyn til kulturlandskapet.

Jordbruksareal skal være i drift hele tiden eieren eier eiendommen. Driveplikten kan oppfylles ved at jorda leies bort gjennom en skriftlig avtale på minst 10 år. Hvis jorda ikke drives, kan det pålegges tiltak som utleie eller planting av skog.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 8 des 2006 nr. 68 (ikr. 1 jan 2007 iflg. res. 8 des 2006 nr. 1361), 19 juni 2009 nr. 98, se dens IX (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848), 21 juni 2017 nr. 99 (ikr. 1 sep 2017 iflg. res. 21 juni 2017 nr. 829).

omtalt i 5 kilderreferert av 9

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Referert av9
Nevnt i5
Endringshistorikk1

Koblinger for § 8 i jordlova.

Les hele loven i sammenheng →