Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 50. Avløysing av hefte

Odelslova·Kapittel XI. – Om verdsetjinga av odelseigedom og om hefte som kviler på odelsjord.·Sist endret 1. juli 2009

Avløysing av hefte

Hefte på eigedomen som blir dekte av takstverdien, kan løysingsmannen krevje avløyste, når dei er påhefta etter at foreldingsfristen tok til, jfr. § 40. Som slikt hefte blir rekna mellom anna kjøpekontrakt, forpakting, bortfeste av tomter, positive og negative servituttar, grunntyngsler, panterett og frådeling av tomt, også om tomta blir seld i foreldingstida. Det som her er sagt, gjeld også råderettar som er påhefta tidlegare, dersom dei er særleg tyngjande. Avtale om forpakting for lengre tid enn 5 år og avtale om jordleige kan løysingsmannen seie opp med verknad frå første faredag som kjem eitt år etter oppseiinga, og etter at han har teke over eigedomen. Avtale om leige av husrom kan han seie opp etter reglane i lov 26. mars 1999 nr. 17 om husleieavtaler § 9-6. Oppseiing etter dette stykket – som kan gjevast når løysingssak er reist – gjeld endå om avtala ikkje gjev høve til slik oppseiing.

Ein person som løyser ut odelsjord kan krevje at visse heftingar på eigedomen blir fjerna. Dette gjeld mellom anna panterettar og visse avtalar. Enkelte leigeavtalar kan også seiast opp.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 19 des 1975 nr. 70, 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712), 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848, sjå lovas IX).

Se ogsåOdelslova § 40Husleieloven § 9-6referert av 3

Sammenheng

Se også2
Referert av3

Koblinger for § 50 i odelslova.

Les hele loven i sammenheng →