Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 24. Utvalet for Statens kunstnarstipend

Forskrift om Statens kunstnarstipend·Kapittel 4. Forvaltning og organisering

Utvalet for Statens kunstnarstipend

Utvalet for Statens kunstnarstipend forvaltar Statens kunstnarstipend. Utvalet består av leiar, nestleiar, tre medlemmer og fire varamedlemmer. Kultur- og likestillingsdepartementet oppnemner utvalet. Leiar, nestleiar, éin medlem og to numeriske varamedlemmer blir oppnemnde på fritt grunnlag. To av medlemmene med to personlege varamedlemmer blir oppnemnde etter felles innstilling frå organisasjonane som etter § 27 har rett til å oppnemne medlemmer av stipendkomitéane. Departementet set fristar for når organisasjonane må gi innstilling etter tredje ledd. Blir det ikkje gitt innstilling innan fristen, vil departementet oppnemne medlemmer til utvalet på fritt grunnlag. Utvalet blir oppnemnt for inntil fire år om gongen. Éi gjenoppnemning kan skje.

Utvalet for Statens kunstnarstipend har ansvaret for å forvalte stipendene. Utvalet blir oppnemnt av Kultur- og likestillingsdepartementet for periodar på inntil fire år.AI

Se ogsåForskrift om Statens kunstnarstipend § 27referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 24 i forskrift-om-statens-kunstnarstipend.

Les hele forskriften i sammenheng →