Forskrift
Nynorsk
§ 33. Høyring av kvotefordelinga
Høyring av kvotefordelinga
Utvalet for Statens kunstnarstipend lagar årleg forslag til kvotefordeling. Kultur- og likestillingsdepartementet sender forslaget på høyring. Høyringsfristen skal vere seks veker om ikkje spesielle forhold gjer det nødvendig med ein annan frist.
Forslaget som blir sendt på høyring etter første ledd, skal baserast på den økonomiske ramma som følgjer av Kultur- og likestillingsdepartementets årlege budsjettproposisjon.
Dersom Stortinget vedtar ei anna økonomisk ramme for kvotefordelinga enn den som følgjer av Kultur- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon, fastset departementet den endelege kvotefordelinga utan ny høyring.
Utvalget for Statens kunstnerstipend lager hvert år et forslag til hvordan kvotene skal fordeles. Dette forslaget sendes på høring, og baseres på departementets budsjett. Endringer i den økonomiske rammen fra Stortinget krever ikke ny høring.AI