Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 4-5. Godskriving og fritak

Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland·Kapittel 4. Tilpassing av studia og fråvær

Godskriving og fritak

(1) Fagskulen avgjer søknad om bruk av anna/tidlegare utdanning frå Fagskulen Vestland som skal inngå i ny grad ved fagskulen. (2) Fagskulen skal etter søknad godskrive beståtte emne frå andre fagskuleutdanningar som oppfyller dei faglege krava for emna det blir søkt om godkjenning for, dersom dei aktuelle fagskuleutdanningane ligg innanfor det same eller nært beslekta fagområdet, jf. fagskoleloven § 8 første ledd. (3) Ved søknad kan fagskulen etter ei fagleg vurdering gi fritak for emne på grunnlag av anna dokumentert relevant utdanning og kompetanse, eller dokumentert realkompetanse, jf. fagskoleloven § 8 andre ledd. Fritak skal bygge på ei fagleg vurdering frå den enkelte fagskule. Fritak på bakgrunn av realkompetanse må baserast på ei fagleg vurdering av om søkaren sin bakgrunn, frå arbeidsliv, frivillig sektor, utdanning og/eller anna, samla kan gi grunnlag for fritak for ein del av fagskuleutdanninga, jf. fagskoleforskriften § 37 siste ledd. (4) Utgangspunktet for vurderingar om godskriving og fritak er læringsutbyttebeskrivingane for den aktuelle utdanninga eller det aktuelle emnet, og studiepoeng eller andre vurderingar av omfang, nivå og arbeidsbelastning for emnet eller kompetansen det blir søkt om godskriving eller fritak for, jf. fagskoleforskriften § 37 første ledd. (5) Det blir ikkje gitt dobbel utteljing for det same faginnhaldet, jf. fagskoleloven § 8 første ledd. (6) Frist for søknad om godskriving av eller fritak for emne er 1. oktober for emna i haustsemesteret og 1. februar for emna i vårsemesteret. (7) Søknad etter andre og tredje ledd må innehalde følgande dokumentasjon: a) vitnemål/karakterutskrift b) studieplan/emneplan frå det semesteret vurdering i emnet blei avlagt c) pensumliste frå det semesteret vurdering i emnet blei avlagt d) eventuelle andre relevante dokument. (8) For at Fagskulen Vestland skal kunne skrive ut vitnemål eller annan dokumentasjon for fullført utdanning, må studenten avlegge studiepoeng ved fagskulen tilsvarande minste resultatberande eining i fagskuleutdanninga studenten ønsker vitnemål eller annan dokumentasjon for, jf. fagskoleforskriften § 38.

Se ogsåFagskoleloven § 8Fagskoleforskriften § 37Fagskoleforskriften § 38

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 4-5 i forskrift-om-studium-ved-fagskulen-vestland.

Les hele forskriften i sammenheng →