Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-1. Fusk

Forskrift om studium ved Fagskulen Vestland·Kapittel 9. Disiplinærsaker

Fusk

(1) Forbodet mot fusk, forsøk på fusk og medverknad til fusk gjeld både i forbindelse med eksamen, prøve eller liknande, og elles under gjennomføringa av emnet. (2) Som fusk reknar ein mellom anna a) å bruke eller ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg b) å sitere kjelder eller på annan måte bruke kjelder i skriftlege arbeid utan tilstrekkelege og korrekte kjeldetilvisingar c) ulovleg kommunikasjon og samarbeid mellom enkeltpersonar og grupper d) å la ein annan gjennomføre vurderinga, den obligatoriske læringsaktiviteten eller liknande for seg e) å tileigne seg fordelar ein ikkje har rett til f) å handle på andre måtar i strid med retningslinjer bestemt av fagskulen.

Det er forbode å fuske, prøve å fuske eller hjelpe andre med å fuske. Dette gjeld både på eksamen, prøvar og i andre delar av studiet. Fusk inkluderer bruk av ulovlege hjelpemiddel, mangelfull kjeldetilvising og ulovleg samarbeid.AI

Les hele forskriften i sammenheng →