Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 68. Rett til sletting av gjeld for låntakarar som får uføretrygd

Forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån·Kapittel 13. Sletting av gjeld for låntakarar som er uføre·Sist endret 1. januar 2026

Rett til sletting av gjeld for låntakarar som får uføretrygd

Ein låntakar som har minst 50 prosent varig nedsett inntektsevne og får uføretrygd eller ei tilsvarande yting frå ei utanlandsk trygdeordning, kan ha rett til å få sletta gjelda heilt eller delvis dersom brutto person- og kapitalinntekt i 2026 er 595 960 kr eller lågare. Kravet til varig nedsett inntektsevne er berre 40 prosent dersom låntakaren fekk arbeidsavklaringspengar heilt fram til vedtaket om uføretrygd. Låntakaren har rett til å få sletta gjeld etter tabellen nedanfor. Brutto person- og kapitalinntekt per år Ny gjeld Nytt terminbeløp 0–413 313 kr 0 kr 0 kr 413 314–458 838 kr 83 531 kr 892 kr 458 839–502 941 kr 97 413 kr 1 070 kr 502 942–549 481 kr 111 498 kr 1 262 kr 549 482–595 960 kr 125 381 kr 1 438 kr Inntektsgrensene i tabellen blir heva med 19 458 kr per år for kvart barn som låntakaren forsørgjer, til og med det året barnet fyller 16 år. Avkasting av formuen til barn av låntakaren dersom formuen blir forvalta av statsforvaltaren, blir ikkje rekna med. Søknaden om sletting av gjeld blir behandla etter vilkåra som gjeld i det året Lånekassen får søknaden. Dette gjeld også dersom vedtaket om uføretrygd er frå før søknadsåret. Lånekassen hentar inn inntektsopplysningar frå Skatteetaten.

Personer med uføretrygd og varig nedsett inntektsevne kan få slettet hele eller deler av utdanningslånet sitt. Hvor mye som slettes avhenger av personens brutto årsinntekt, og grensene justeres dersom man har barn.AI

Endret 29. desember 2025 · i kraft 1. januar 2026
Endringshistorikk (3)
  • 29. desember 2025Forskrift om endring i forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån
  • 20. desember 2024Forskrift om endring i forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån
  • 21. desember 2023Forskrift om endring i forskrift om tilbakebetaling av utdanningslån
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 19 des 2023 nr. 2177 (i kraft 1 jan 2024). 19 des 2024 nr. 3321 (i kraft 1 jan 2025), 28 des 2025 nr. 2898 (i kraft 1 jan 2026).

Sammenheng

Endringshistorikk3

Koblinger for § 68 i forskrift-om-tilbakebetaling-av-utdanningslån.

Les hele forskriften i sammenheng →