Hopp til innhold
Forskrift

§ 5. Tilskot ved svangerskap, fødsel, adopsjon og omsorgsovertaking av barn

Tilskot ved svangerskap, fødsel, adopsjon og omsorgsovertaking av barn

Det kan gjevast tilskot når den personen det vert søkt tilskot for er gravid og tek i mot svangerskapspengar, eller søkjer kan dokumentere med vedtak eller erklæring frå NAV at personen fyller dei medisinske vilkåra for rett til svangerskapspengar. Det kan gjevast tilskot når den det vert søkt tilskot for: 1) tek i mot foreldrepengar etter folketrygdlova kapittel 14, 2) har fått eingongsstønad ved fødsel etter folketrygdlova kapittel 14, eller 3) har dagleg omsorg for eit barn og søkjar kan dokumentere a) med avslagsvedtak eller erklæring frå Nav, at årsaka til at personen ikkje får foreldrepengar er at oppteningsvilkåra i folketrygdlova § 14-6 ikkje var oppfylte, og b) med attest frå Folkeregisteret, at personen er registrert som far eller medmor til barnet og bur saman med barnet på same adresse. Tilskot etter andre ledd nr. 2 kan gjevast for ei samanhengande periode tilsvarande mødrekvota og fellesdelen av foreldrepengeperioden ved fullt uttak av 100 % foreldrepengar. Tilskot etter andre ledd nr. 3 kan gjevast for ei samanhengande periode tilsvarande fedrekvota ved fullt uttak av 100 % foreldrepengar. I samband med fødsel kan det gjevast tilskot for avløysing av faren i inntil 14 dagar dersom han bur saman med mora til barnet og føretaket ikkje tek i mot tilskot for avløysing av mor i desse dagane. Der adoptivforeldre og fosterforeldre tek over omsorga kan det òg ytast slikt tilskot til ein av foreldra. Dette gjeld likevel ikkje ved stebarnsadopsjon eller der barnet er over 15 år.

Det kan gjevast tilskot til avløysing ved svangerskap, fødsel, adopsjon og omsorgsovertaking av barn. Dette gjeld for personar som får svangerskapspengar, foreldrepengar eller eingongsstønad, samt visse andre som har dagleg omsorg for barnet.AI

Endret 4. desember 2019 · i kraft 1. januar 2020
Endringshistorikk (3)
  • 4. desember 2019Endr. i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.
  • 6. juli 2018Endr. i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom mv.
  • 7. juli 2015Endr. i forskrift om tilskot til avløysing
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrifter 30 juni 2015 nr. 821, 4 juli 2018 nr. 1151 (i kraft 15 aug 2018), 3 des 2019 nr. 1620 (i kraft 1 jan 2020).

Se ogsåFolketrygdloven § 14-6

Sammenheng

Se også1
Endringshistorikk3

Koblinger for § 5 i forskrift-om-tilskot-til-avløysing-ved-sjukdom-og-fødsel-mv.

Les hele forskriften i sammenheng →