Belysning
I alle passasjerområde skal den gjennomsnittlege kunstige belysninga vere minst 150 lux.
Ved måling av gjennomsnittleg belysning i eit rom skal alle elektriske lyskjelder som normalt er i bruk, vere på. Når lysmålingane blir utførte, skal alt naturleg lys vere avskjerma. Det skal takast målingar midt i rommet og i kvart hjørne. Målingane skal gjerast ein meter over dørken.
Utvendige passasjerområde som ikkje kan oppfylle kravet i første ledd av omsyn til navigeringa av skipet, skal vere stengde for passasjerar når det er mørkt.
Lugarar skal ha lys som gjer det mogeleg å finne utgangen i ein naudssituasjon. Lyset skal vere tilkopla ei naudkraftkjelde. Lyset skal tennast automatisk ved straumbrot, og vere på i minst 30 minutt.
Det er krav til minimumsbelysning i passasjerområder, og spesifikke regler for hvordan dette skal måles. Utvendige områder som ikke kan oppfylle lyskravet må stenges ved mørke. Lugarene skal ha nødlys som tennes automatisk ved strømbrudd.AI