Hopp til innhold

Opphaldsrom

Alle skip skal ha innvendige opphaldsrom med sitjeplassar til alle passasjerane. 80 % av sitjeplassane skal vere fastmonterte. Lause stolar skal vere tilgjengelege under heile reisa og skal vere utforma og plasserte i samsvar med fjerde og femte ledd. Når reisetida er under 30 minutt, kan sitjeplassane erstattast av ståplassar. På roro-passasjerskip der passasjerane kan opphalde seg i køyretøya, skal det vere innvendige opphaldsrom med fastmonterte sitjeplassar til minst halvparten av passasjerane. Når reisetida er under 30 minutt, kan sitjeplassane erstattast av ståplassar. Hurtiggåande fartøy skal ha innvendige opphaldsrom med fastmonterte sitjeplassar til alle passasjerar uavhengig av reisetid. Seta skal vende framover eller akterover når kollisjonsakselerasjon (gcoll), etter det internasjonale regelverket for hurtiggåande fartøy, er 3 eller større. Det skal reknast ei breidd på minst 500 mm for kvar sitjeplass. Det skal vere 300 mm fri plass framom kvart sete. Når sete er plasserte ved sida av kvarandre, skal det ikkje vere meir enn fire samanhengande sete frå gangpassasje. Gangpassasje skal ha ei fri breidd på minst 600 mm. Ståplassar skal ha haldeinnretningar plassert i ulike høgder. For kvar ståplass skal det reknast ei fri dørkflate på minst 0,5 m2. Utrekninga skal ikkje inkludere a) 300 mm beinplass framom sete b) små eller uregelmessig forma område som ikkje kan nyttast til ståplassar c) område med fri høgd på mindre enn 2030 mm d) areal som er reserverte for rullestolbrukarar e) rømmingsveg f) gangpassasje etter femte ledd g) areal som er sett av til lause stolar i samsvar med første ledd.

Skip skal ha innvendige oppholdsområder med sitteplasser til passasjerene, men på noen skip kan ståplasser brukes ved korte reiser. Det er strenge krav til hvordan setene er montert, hvor brede de er og hvor mye plass det skal være mellom dem og i gangene.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 9 i forskrift-om-tryggleik-i-passasjerområde.

Les hele forskriften i sammenheng →