Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6.

Grannelova·Sist endret 16. juni 1989
Når nokon vil gå i gang med planting, graving, bygging, industriverksemd eller anna tiltak som kan verta til skade eller ulempe på granneeigedom, skal han varsla grannen i rimeleg tid føreåt. Er det ikkje råd å finna den som skal varslast eller er det uvisst kor mange som skal ha varsel, skal det lysast ut i minst eitt blad som er mykje lest på staden. Same varslingsmåten kan nyttast når det av andre grunnar er vanskeleg å få varsla grannen direkte på vanleg måte. Grannevarsel er ikkje påkrevd når tiltaket har slik oreigningsrett som nemnd i § 10 første stykket bokstav (b).

Den som planlegg tiltak som kan skade eller vere til ulempe for naboen, skal varsle naboen i rimeleg tid før oppstart. Dersom naboen ikke kan nåast, kan varsling skje gjennom annonse i lokalavis.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 16 juni 1989 nr. 67.

Se ogsåGrannelova § 10omtalt i 13 kilderreferert av 6

Sammenheng

Se også1
Referert av6
Nevnt i8

Koblinger for § 6 i grannelova.

Les hele loven i sammenheng →