Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 9.

Grannelova·Sist endret 16. juni 1989
Det økonomiske tapet nokon lid av skade eller ulempe i strid med nokor føresegn i §§ 2-5 er den ansvarlege skyldig til å bøta, anten han sjølv eller nokon han svarar for, har gjort seg skuldig i aktløyse eller ikkje. Det gjeld og skade eller ulempe av tiltak som er fremja i samsvar med avgjerder etter § 7, jf. § 8, eller av tiltak med slik oreigningsrett som nemnt i § 10 første stykket bokstav (b) eller som er lovleg etter forurensingslova av 13. mars 1981 nr. 6. Den ansvarlege sitt ansvar kan lempas etter reglane i skadeerstatningslova § 5-2. Oppstår skade eller ulempe på fast eigedom eller ting, skal det ved bruken av skadeerstatningslova § 5-2 takast omsyn til om eigedomen eller tingen tåler særleg lite. Når skadelidaren etter god granneskikk burde sagt frå tidlegare, kan skadebotkravet falla bort eller skadebota setjast ned. Denne paragrafen minkar ikkje den retten nokon har til skadebot etter dei elles gjeldande rettsreglane.

Den som forårsaker skade eller ulempe i strid med nabolovens regler, må betale erstatning uavhengig av om det var uaktsomt. Erstatningen kan i visse tilfeller reduseres eller falle bort hvis skadelidte burde ha sagt fra tidligere.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 16 juni 1989 nr. 67.

Se ogsåGrannelova § 7Grannelova § 8Grannelova § 10Skadeserstatningsloven § 5-2referert av 1

Sammenheng

Se også4
Referert av1

Koblinger for § 9 i grannelova.

Les hele loven i sammenheng →